Skal heva kompetansen
Ny ordning skal styrkja samarbeidet mellom næringsliv og utdanningsinstitusjonar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa vier 20 millionar til ei ny ordning som gjennom Innovasjon Noreg skal heva kompetanseutviklinga i regionale næringsmiljø.
– Me ønskjer å styrkja kunnskapsmiljøa sine moglegheiter til å utdanna folk som det regionale næringslivet har bruk for. Målet er å styrkja samarbeidet mellom næringsliv, høgskular og fagskular. Og at ein då saman vil koma opp med studie som er viktige for utviklinga i næringslivet, fortel kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
LES OGSÅ: Leitar etter ingeniørar over heile Europa
Lokal kunnskap
Midlane skal nyttast til å utvikla godt tilpassa praksisnære og næringsretta tilbod, særleg i fagskular og høgare utdanningsinstitusjonar.
– Eg veit at Sogn og Fjordane har hatt diskusjon om behovet for el-ingeniørar, berre for å koma med eit døme næringslivet har etterspurd. Det kan også vera arbeidsplassar knytt til oppdrett, eller industri. Me ønskjer å gje høgskulemiljøa meir fridom, då ein sjølv kjenner det lokale behovet best.
LES OGSÅ: Satsar på bølgjekraft
Tøffare kamp
Innsatsen er ei konkret oppfølging av Kompetansearbeidsplassutvalet som peikar på behovet for ei sterkare satsing på kompetansebygging utanfor Oslo og dei store byane.
– Eit lønsamt og konkurransedyktig norsk næringsliv er heilt avhengig av solid kompetanse i heile arbeidsstokken. Det gjev grunnlag for verdiskaping og busetjing i heile landet, seier Navarsete.
Innovasjon Noreg lyser ut ordninga i september, og vil saman med fylkeskommune og Noregs forskingsråd vurdera prosjekta.
– Eg kjenner høgskulen i Sogn og Fjordane så godt at eg veit at her er det mykje kreativitet og mykje godt samarbeid med næringslivet allereie. Eg reknar med at dei vil koma opp med gode forslag.
LES OGSÅ: Norske gründer-kvinner halar innpå