SSB: – Norske born er lønsame

Fleire norske born forbetrar statsfinansane, stikk i strid med påstandane frå regjeringa om ulønsame nordmenn.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norske born er lønsame

– Tala våre viser at staten i berekningsperioden kjem til å tene på at nordmenn føder fleire born, seier seniorforskar i Statistisk sentralbyrå (SSB) økonom Erling Holmøy til Finansavisen.

Dette er i strid med påstandar om at gjennomsnittsnordmannen er eit tapsprosjekt for det offentlege.

I eit innlegg i Dagens Næringsliv 25. april skreiv statssekretær Hilde Singsaas (Ap) i Finansdepartementet:

– Inndekningsbehovet illustrerer at kvar ein ny innbyggjar, uansett opphav, kjem til å bidra meir til offentlege utgifter enn til offentlege inntekter.

SSB-modellen viser derimot at fleire norske born i framtida kjem til å vere gunstig for statsfinansane, utan at noko er forandra ved velferdsstaten.

Hilde Singsaas ønskjer ikkje å kommentere saka overfor Finansavisen fredag, men opplyser at ho vil utdjupe synet til Finansdepartementet ved ei seinare anledning. (©NPK)