Trenar masse: Herman Bentzen Hinkel fortel at han trenar handball to gonger i veka og frisbeegolf kvar einaste dag. At han brukar så mykje tid på sporten, synest han berre er kjekt. – Det er veldig gøy å sjå framgang. Handballen er ein fordel for frisbeegolfen, det hjelper både på kondisjonen og på kastearmen, seier han. Foto: Marte Husabø