Gransking: – Kvinneleg sjef er best
Norske og europeiske arbeidstakarar har større tru på kvinnelege enn mannlege leiarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kvinneleg sjef er best
Konklusjonen kjem fram i den internasjonale arbeidsmarknadsgranskinga Randstad Workmonitor, gjennomført av Randstad – eit stort selskap innan rekruttering, bemanning og HR.
Europeiske arbeidstakarar har stor tru på kvinnelege leiarar.
I Noreg meiner 33 prosent av arbeidstakarane at kvinner er best eigna til å leie eit selskap. Berre 27 prosent meiner menn er best eigna som leiarar. Arbeidstakarar i andre europeiske land er relativt samde med norske arbeidstakarar, og i 12 av 18 land omfatta av undersøkinga er det ein høgare del som er einig i at kvinner er betre eigna til å leie eit selskap, enn som meiner at menn er betre eigna til å leie.
– Vi ser ein gjennomgåande trend i heile Europa, som viser at europeiske arbeidstakarar meiner kvinner er dyktige leiarar. I berre to europeiske land meiner over halvparten av arbeidstakarane at menn er best eigna til å leie. Det er også verdt å påpeike at ein stor del av arbeidstakarane ikkje ser ut til å bry seg om leiaren er mann eller kvinne, seier Camilla Grana, dagleg leiar i Randstad Norge i ei pressemelding.
I dei skandinaviske nabolanda våre er det om lag same haldningar som blant norske arbeidstakarar. 31 prosent av svenskane og 28 prosent av danskane meiner kvinner er best til å leie.
Den største differansen mellom tru på kvinnelege leiarar samanlikna med tru på mannlege leiarar finst i Spania. Her meiner 56 prosent at kvinner er betre eigna til å leie, medan det tilsvarande talet for mannlege leiarar berre er 22 prosent. (©NPK)
Faktaboks
Menn er best eigna til å styre eit selskap:
1. Tsjekkia, 59 prosent.
2. Tyrkia, 51 prosent.
3. Slovakia, 43 prosent.
(Noreg 27 prosent, Danmark, 27 prosent, Sverige, 23 prosent).
Kvinner er best eigna til å styre eit selskap:
1. Spania, 56 prosent.
2. Tyrkia/Frankrike, 46 prosent.
(Noreg, 33 prosent, Sverige, 31 prosent, Danmark, 28 prosent).