Mange unge ønskjer å jobbe meir
Kvar fjerde unge arbeidstakar planlegg å auke inntekta ved å jobbe meir i 2013, viser ei undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
1 av 4 personar mellom 23 og 30 år seier i undersøkinga som Norstat har laga for Storebrand, at dei ønskjer å jobbe meir i det nye året for å skaffe seg høgare inntekt. Få personar over 30 år ønskjer det same, skriv Aftenposten.
– Mange unge er fleksible, energiske og har moglegheit til å jobbe ekstra. I tillegg til det økonomiske, handlar dette om å vise seg fram og posisjonere seg til seinare i arbeidslivet, seier advokat, økonom og fagansvarleg for privatøkonomi ved Handelshøyskolen BI, Dag Jørgen Hveem. (©NPK)