Vestlandet dominerer

Nesten halvparten av dei 20 beste kommunane Nærings-NM finn ein i Rogaland.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For niande gongen presenterer NHO Nærings-NM, utarbeidd av Telemarksforskning. Undersøkinga er samansett av fire ulike mål på der godt næringslivet gjer det i kommunar, regionar og fylke: Lønnsemd, vekst, nyetableringar og storleiken til næringslivet.
14 av kommunane på topp20-lista er på Vestlandet. Og Stavangerregionen er beste region av totalt 83 for åttande gongen på rad. Dei største byregionane gjer det òg bra.

I tillegg til at Sandnes er vinnar av kåringa i år, er kommunen nest beste kommune i Nærings-NM dei ti siste åra. Årets komet blant kommunane er Herøy på Helgeland – opp 78 plassar frå i fjor, til 12. i år.

LES OGSÅ: Her er det mest verdiskaping

Dei svakaste kommunane i Nærings-NM er gjennomgåande små kommunar. Medan Vestlandet dominerer på lista over dei 20 beste kommunane, er det Austlandet og Nord-Noreg som dominerer blant dei 20 svakaste. Men næringsutviklinga i Nord-Noreg er i sterk framgang. Berre ein region av dei 23 regionane nord for Trondheimsregionen har tilbakegang.

Søre Sunnmøre er på sjetteplass blant regionane, medan Ålesundregionen er på 8.plass.

Tosporsøkonomien
– Me får på nytt stadfesta tosporsøkonomien der landet grovt sett kan delast i to. Det er gledeleg at Vestlandet gjer det sterkt og Nord-Noreg løftar seg, men det vekkjer bekymring at mange regionar på Sør- og Austlandet kjem relativt sett dårleg ut. Agderfylka og Innlandet har ein særleg markert dårleg utvikling i Nærings-NM, seier Petter Haas Brubakk, direktør for næringspolitikk i NHO.

LES OGSÅ: Aukande forskjellar i industrien

– Dette handlar om tunge omstruktureringsprosessar i norsk økonomi som me ser har tiltatt i styrke etter finanskrisa. Det er lite sannsynleg at desse trendane vil snu med det første. Oljeklynga og maritime næringar vil vera vekstmotorar, på same måte som dei største byregionane vil vera det innanfor kunnskaps- og tenesteytande næringar. Dei regionane som kjem i skuggen vil i større grad vera avhengig av innovasjon, entreprenørskap og lokale politikarar som ynskjer å stimulera dette heller enn det motsette – som til dømes å påleggja eigedomsskatt på næringseigedom, seier Brubakk.