Alskens om alskens

Det siste året har eg i ymse samanhengar teke til ords for å nytta ordet alskens om ‘alle slags kjønn’.

Kristin Fridtun
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det siste året har eg i ymse samanhengar teke til ords for å nytta ordet alskens om ‘alle slags kjønn’, fyrst og fremst med tanke på dei av oss som ikkje opplever seg som berre mann eller berre kvinne, men noko imellom − eller ingen av delane. Eg er sjølv ein av desse rare/ekle/normbrytande/forvirra/fine (stryk det du meiner ikkje passar) personane som ligg og vaker ein stad utanfor det rådande kjønnssystemet, so eg likar å tru at eg veit kva eg snakkar om.

I alle fall har eg lufta nemninga alskens på den skeive nettstaden www.gaysir.no, i bloggkollektivet Maddam, i tidsskriftet Mål og Makt, for granskarar ved likestillingssenteret og no seinast i ei bok som transpolitisk utval i Skeiv Ungdom snart skal gjeva ut. Alskens ser ut til å falla i god jord. Likestillingssenteret har endåtil meldt at dei skal bruka alskens i tittelen til ein rapport dei syslar med.

Lesaren lurer kanskje på kva alskens har med kjønn å gjera. Jau, no skal du høyra:

Sistelekken i alskens, altso –kens, er nettopp ordet kjønn. Vårt alskens er ei fordanska form av det norrøne og landsmålske ordet allskyns, som i moderne norsk burde hatt forma allskjønns. Men danskane rota det til, og me måtte sjølvsagt gjera som dei. Kor som er: Alskens tyder ‘allslags, av alle slag’ − det er ei open og grei tyding. Då er neste spørsmål: Kvifor tyder det ‘av alle slag’ og ikkje ‘av alle kjønn’?

Kjønn(norr. kyn) er eit uhorveleg gamalt ord som opphavleg hadde ymse tydingar som ‘ætt; avkom; art, slag; måte’. Berre for å illustrera kor vidt dette ordet rekk: Kjønn er grovt sagt det same ordet som engelsk kin (‘slekt’) og kind (‘slag’), tysk Kind (‘barn’) og latin genus (‘fødsel, ætt, art’). Ikkje småtteri! Det er sjølvsagt tydinga ‘slag’ som ligg til grunn for allskyns/alskens (allslags). Dimed er alskens eit levande døme på at kjønn tyder mykje meir enn berre mann−kvinne.

Transar er ikkje akkurat mest kjende for å driva med etymologiske krumspring, men her har me noko å slå i bordet med, synest eg. I alle fall likar eg svært godt å kalla meg sjølv alskens. Eller allskyns, då, når eg er i det landsmålske lunet.

Først publisert på Samlagsbloggen!