Blir vêrdame igjen
Elin Tvedt (38) skal på nytt melde vêret i TV2.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ølensbuen overtar stafettpinnen etter Kari Anne Gjengedal, som ho faktisk lærte opp då ho slutta i jobben i 2001. Då hadde ho presentert vêr og vind sidan 1996.
Ho fortel til kanalens nettside at ho gler seg til å ta fatt på jobben igjen.
— Eg har sakna jobben, folka og TV2-huset. Eg er veldig glad over å vere tilbake, seier Tvedt, som fleire gonger har vurdert å søke ledige stillingar som vêrpresentør.
Denne gongen kjentes alt rett.