Redningsselskapet lyser ut TikTok-sommarjobb
Redningsselskapet søker etter to venner som skal vere sommarprofilen til selskapet på TikTok. Målet er å spreie informasjon om tryggleik til sjøs til unge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vi søkjer to som saman kan styre TikTok-kontoen vår i sommar, og spreie vassglede!, skriv Redningsselskapet i utlysinga på Finn.no.
– I år kjem ekstra mange ungdommar til å feriere i Noreg, og det er viktig å nå dei i dei media dei bruker. Vi ser etter to personar som kan TikTok og som er spontane og engasjerte. Vi trur bodskapen om korleis ein skal vere trygg og ha det gøy i vatnet går lettare gjennom når det kjem frå folk på same alder, seier sals- og marknadsdirektør Fredrik Sahlin i Redningsselskapet i ei pressemelding.
I tillegg til å lage videoar for Redningsselskapet vil sommarjobben by på aktivitetar i regi av Redningsselskapet, turar med redningsskøytene, oppgåver med å svare og kommentere spørsmål som kjem inn på TikTok, og intervju med media.
– De må elske å lage morosame og underhaldande videoar, vere spontane og engasjerte. Som TikTokarar for Redningsselskapet er de òg med på å gjere ein forskjell, ved å hjelpe oss å gjere det sikrare til sjøs og jobbe mot visjonen vår om at ingen skal drukne, skriv Redningsselskapet i annonsen.