Skremt bergensar flykta berrføtt frå bjørnebrøl

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flykta berrføtt frå bjørnebrøl

– Dei melde frå i fullt alvor om at dei hadde høyrd bjørnebrøl, fortel operasjonsleiar Victor Jensen i Rogaland politidistrikt til NTB.

Dei vettskremde teltturistane ringte politiet frå ein bensinstasjon i Helleland rett før klokka 4.30. Då hadde dei sprunge berrføtt ned frå fjellet i 30 minutt, skråsikre på at det var bjørnebrøl dei hadde høyrd.

– Dei hadde vakna av fem-seks kraftige brøl som dei meinte måtte vere bjørnebrøl, trass i at dei aldri har høyrd ein bjørn brøle før. Dei blei så skremte at dei forlét teltet i hui og hast og sprang ned til E39, seier operasjonsleiaren.

Teltturistane droppa dermed teltet for natta og søkte i staden ly på motellet på Helleland for resten av natta.

– Dei vil ta seg opp igjen for å hente teltet når det blir dagslys, fortel operasjonsleiaren. (©NPK)