Dårleg sommarvêr er god butikk
Ustabilt sommarvêr gir gode dagar for dei som sel tur- og fritidsklede.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette har vore ein sommar med mykje varierande vêr og det har vore veldig bra for omsetninga i Stormberg og i resten av sportsbransjen, seier sjef for klesprodusenten Stormberg, Steinar J. Olsen, til NRK.
Han kan fortelje at omsetninga har auka med 50 prosent samanlikna med sommaren i fjor. Det har vore mindre etterspørsel etter badetøy, mens fleire kjøper varme og vasstette plagg.
– Mange har kanskje berre pakka sommarklede og ikkje teke høgd for at det er ruskete vêr, og dei treng å tilpasse feriegarderoben til vêret, seier Stormberg-gründeren til NRK. (©NPK)
Les òg: Første sommardagen