Betre mobildekning når fasttelefonen blir borte

Telenor har varsla at fasttelefonen blir borte frå 2017. Dette vil verke positivt for mobildekninga i distrikta.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Betre dekning når denne forsvinn

Programdirektør Arne Christensen i Telenor seier til Nationen at ingen linjer skal stengjast før fullgode alternativ til fasttelefonen er på plass. I dag er det mobildekning i 87,3 prosent av landet. Målet til Telenor er å ha dekning i 95 prosent av arealet.

– Eg trur utkutting av fasttelefonen er bra for dei stadene som slit med mobildekning rundt i Distrikts-Noreg. Det er klart at Telenor må byggje ut i forhold til dei, så det blir betre mobildekning dei stadene der det er dårleg i dag, seier generalsekretær Per Morten Hoff i IKT-Noreg til Nationen. (©NPK)