SMS gjev sannferdige svar

Ny forsking syner at folk er meir ærlege når dei skriv enn når dei snakkar saman.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ganske overraskande, mange trudde tekstmeldinger ville redusere sannsynligheiten for avslørande sensitiv informasjon fordi det skapar eit vedvarande, visuelt oversyn over spurnader og svar som andre kan sjå på telefonen og i skya, sa Fred Conrad, kognitiv psykolog og forskar ved University of Michigan i USA i ei pressemelding.

600 personar som brukte iPhones vart rekruttert-gjennom Craigslist, Amazons Mechanical Turk og Google Ads. Forskarane dei stilte ei rekkje spurnader for å sjå om dei svarte meir ærleg og/eller presist i vanleg samtale eller via tekst.

Studien fann at dei fleste deltakarane gav ærlegare svar via tekst til desse spurnadane:

– I ei typisk veke, kor ofte trenar du?
– I løpet av dei siste 30 dagane, kor mange dagar hadde du fem drinkar eller meir?

Deltakarane gav meir nøyaktige svar til følgjande spørsmål:

– Kor mange filmar har du sett (uavhengig av medium)?
– Kor mange songar har du på din iPhone?

Trur du at du er meir sannferdig når du snakkar over tekstmelding, eller når du snakkar med nokre over telefon eller andlet-til-andlet? Diskutér gjerne i kommentarfeltet under.