Vulkanutbrot på Filippinene og politisk jordskjelv i Russland – sjå veka i bilete
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne veka vakna Taal-vulkanen sør på Filippinane til liv. Tusenvis av menneske måtte evakuere frå heimane sine, som vart dekte av eit tjukt lag med oske.
Ifølgje VG er Taal-vulkanen den nest mest aktive vulkanen på Filippinane. Vulkanen ligg på ei øy i ein innsjø omlag 66 kilometer sør for hovudstaden Manila.
Ny statsminister i Russland
Russlands president Vladimir Putin slapp ei politisk bombe denne veka då han føreslo å flytte meir av makta frå presidenten til statsministeren og nasjonalforsamlinga.
Statsminister Dimitrij Medvedev tok med seg regjeringa og gjekk av utan å mukke for å gje Putin høve til å gjennomføre endringane.
I Russland er presidenten den som utpeikar statsministeren og Putin lanserte skattedirektør Mikhail Misjustin som ny statsministerkandidat:
Ei av endringane Putin føreslo er at nasjonalforsamlinga skal få makt til å utpeike statsministeren.
I 2024 har Putin sitte så lenge med makta at han må gå av. Ekspertar meiner endringane er ein del av Putin sitt spel for å sikre at hans etterfølgjar får mindre makt. Nokre spekulerer også i om Putin då vil bli statsminister.
Hanekamp i India
Denne veka har det vore hanekamp i Jagiroad, India. Dette er del av festivalen Jonbeel Mela:
Hundrevis av indiske stammesamfunn som Tiwa, Karbi, Khasi og Jaintia samlar seg frå sine heimar i dei omkringliggande åsane for å ta del i festivalen. Der er det samhald og utveksling av varer gjennom eit gamalt bytesystem i staden for pengar.
Demokratisk feide
Tysdag vart det høg temperatur i studio etter den tv-sende debatten mellom politikarane som knivast om å bli demokratane sin presidentkandidat.
Elizabeth Warren hevdar Bernie Sanders (lengst til høgre) har sagt at han ikkje trur ei kvinne kan vinne presidentvervet, noko Sanders nektar for.
Etter debatten konfronterte Warren Sanders med: «Eg trur du kalla meg ein løgnar på riksdekkjande tv», medan Sanders svara med at Warren kalla han ein løgnar.
Då Sanders rekte ut handa til Warren etter debatten lot ho han henge.
Trump vs. Iran
Denne veka leia Irans øvste leiar, ayatollah Ali Khamenei, fredagsbøna i Teheran for fyrste gong på åtte år. Ayatollaen nytta høve til å kalla Donald Trump ein «klovn».
Kjæledyr-velsigning
Denne veka har det vore feiring av Anthony den Store, skytshelgenen for dyr.
Dyr av alle slag vart tekne med til kyrkje i Spania, der dei vart velsigna av prestar for å feira dagen:
Kvelden før rir mange hundre personar gjennom gatene i San Bartolome for å markera «Luminaras». Det er ein over 500 år gamal tradisjon, meint til å reinsa dyra med røyk frå bål og beskytta dei i året som kjem.
Billie «Bond» Eilish
For å letta litt på stemninga flyr me attende til USA der Billie Eilish (18) har avslørt nyheita om at ho lagar den nye Bond-låta.
Ho har ikkje «license to kill», men musikken hennar er uansett dødskul.
Håp i Australia
Denne veka fekk australsk brannvesen endeleg kontroll over skogbrannane som har herja landet dei tre siste månadane. BBC Wheather kom også med gladmeldinga om at det regna i delstaten New South Wales, som har vorte aller hardast råka.