Fem påverkarar felt av «PFU» for bloggarar
I september starta Fagutvalget for influencermarkedsføring å behandle saker der påverkarar vert skulda for å bidra til usunt kroppspress. No skal avgjerdene deira offentleggjerast.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er så lei av å sjå klinikkar rundt om kring i landet som utnytter unge jenter som akkurat har fått ei makt, som plutseleg har fått 60.000 følgjarar etter å ha vore med på eit realityprogram.
Det sa bloggar og influencer Kristin Gjelsvik til Framtida.no under lanseringa av dei etiske retningslinjene for influencarar i september.
Retningslinjer mot kroppspress
Gjelsvik er eitt av medlemmene i det nye Fagutvalget for influencermarkedsføring, som er eit organ oppretta av Annonsørforeningen (ANFO) og Mediebedriftene (MBL).
Utvalet har representantar både frå bransjesida og påverkarsida, samt Redd Barnas ungdomsorganisasjon Press.
Utvalet behandlar klager på påverkarar som marknadsfører produkt som bidreg til urimeleg kroppspress blant barn og unge. I retningslinjene kan ein lese at utvalet slår særleg strengt ned på marknadsføring av unødige kosttilskot og kirurgiske inngrep.
12 klager – seks felt
Sekretariatsleiaren for fagutvalet, Wenche Jacobsen, fortel til Framtida.no at utvalet har motteke i alt 12 klager sidan lanseringa i slutten av september. Seks av desse er ferdig behandla. Av desse vart fem felt og éin vurdert som godkjent.
Jacobsen ser ein klar tendens til at dei som vert felte er mindre påverkarar og annonsørar.
– Fleire av dei som er klaga inn har ikkje kunnskap om fagutvalet på førehand. Det er gjerne frittståande influencarar, som har benytta seg av annonsører som ikkje er blant dei som har vore med å etablere ordninga, seier ho på telefon til Framtida.
Fram til no har uttalane berre blitt formidla til påverkarane og annonsørane som er blitt felte, men saker som kjem inn etter 1. januar 2020 vil bli offentleggjort på fagutvalet sine nettsider.
Målet er at slik offentleggjering vil ha ein avskrekkande effekt.
– Me ser at det er fleire som gjer ting dei ikkje burde gjort, så me må bidra til å endre åtferda, meiner Jacobsen.
– Vis respekt for retningslinjene
I tillegg har fagutvalet behandla åtte saker der påverkarar har kontakta dei i førekant for å høyra om det betalte samarbeidet er innanfor retningslinjene.
Jacobsen oppmodar folk om å klage inn eventuelle saker til utvalet, dersom dei ser betalt marknadsføring som bidreg til kroppspress blant unge.
Ho har også ei klar oppmoding til påverkarane:
– Set deg inn i kva for produkt og tenester det gjeld og vis respekt for retningslinjene.