Dette vil fylkespartia i Vestland gjera for ei meir framtidsretta utdanning
Vi har sjekka partiprogramma til dei største partia som stiller til val i Vestland fylke, og trekt ut noko av det dei skriv om korleis dei vil arbeida for ei meir framtidsretta utdanning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag er det val til kommunestyre og fylkesting. Det er fylka som har ansvar for vidaregåande opplæring og regional næringsutvikling.
Vestland Arbeidarparti meiner mellom anna at opplæringsmateriellet på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma må oppgraderast, og at det må prøvast ut samarbeidsmodellar med næringslivet der ein kan nytta moderne utstyr i bedriftene til opplæring av elevane. Elevane skal vera best mogleg førebudde på dei krava dei vil møta som lærlingar ute i verksemdene.
Vestland Høgre ønsker at dei vidaregåande skulane og fagskulane skal samarbeida nært med arbeidslivet. Dei vil utvikla temaskular, til dømes realfagsgymnas, i samarbeid med høgare utdanningsinstitusjonar. Dei vil satsa på entreprenørskap i skulen, mellom anna gjennom ungdomsbedrifter og arbeidspraksis.
Vestland MDG vil ha eit nært samarbeid med næringslivet for å leggja til rette for liner som er betre tilpassa næringslivet og landbruket sine behov, og samstundes auka rekrutteringa til viktige yrke. Dei meiner at Ungt Entreprenørskap – med strengare retningsliner som stiller krav til berekraft – kan verta eit godt tiltak for å gje fylket eit grønare næringsliv.
Vestland FrP vil utvikle ein framtidsretta kunnskapsskule med fokus på elevane si faglege, sosiale og personlege utvikling, basert på evne og interesser. Næringslivet sine behov må vera førande for dimensjonering av utdanningstilbodet, og lærebedriftene må i større grad trekkjast inn i undervisninga. Vestland FrP vil inspirera og oppmoda bedrifter, organisasjonar, fagrørsla og bransjar til å etablere fagskular.
Vestland SV vil ha meir samhandling med næringsliv og bedrifter, og oppgradering av utstyr og læremidlar. Dei meiner at fylkeskommunen må ta initiativ og ansvar, saman med næringslivet, for å etablera fleire fagskuletilbod med høg kvalitet. Dei vil at fylket skal laga ein plan for at FN sine bærekraftmål får god plass på læreplanen i alle vidaregåande skular.
Vestland Venstre vil ha eit godt samarbeid med høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar i fylket. Dei vil styrka satsinga på Ungt Entreprenørskap i vidaregåande skule. Dei vil dimensjonera utdanningstilbodet i den vidaregåande skulen meir i samsvar med næringslivet sine behov og framtidas utfordringar og etterspurnad. Dei vil oppdatera utstyrsparkane for yrkesfag slik at dei svarer til det ein finn elles i arbeidslivet.
Vestland Senterparti meiner at ein må ha eit tett samarbeid med næringsliv/opplæringskontora for å sikra rett dimensjonering av dei ulike utdanningstilboda. Dei vil oppretthalda og vidareutvikla det desentraliserte fagskuletilbodet i fylket i nært samarbeid med næringsliv og kommunane, og arbeida for eit godt og framtidsretta tilbod innan høgare utdanning tilpassa fylket sine behov.
Vestland KrF vil arbeida for at utdanninga er tilpassa og dimensjonert for den kompetansen som næringslivet spør etter gjennom tett samarbeid mellom skule, høgare utdanning, fylkeskommunen og næringslivet. Dei vil styrka entreprenørskap i skulen og etablera karrieresenter, program for gründerskap og ei traineeordning for å rekruttera nyutdanna ungdom.
Raudt Vestland vil oppretta fleire yrkesfaglege klassar for å imøtekomma det lokale behovet for fagarbeidarar. Dei vil prioritera lærarkompetanse i skulen og satsing på vidareutdanning. Dei ønskjer at fagrørsla og utdanningsinstitusjonar skal samarbeida om utvikling av grøn industri.
Folkeaksjonen nei til meir bompengar Vestland skriv at framtidsretta næring er miljøvenleg og bærekraftig og dermed også på lengre sikt konkurransesterk og lønsam. FNB trur på viktigheit av ei sterk kopling mellom forskingsmiljøa ved universitet og høgskular og dei marine næringane.