– Fylg hjarta, lysta og engasjementet

NHO-sjefen med klar oppfordring.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomane på yrkesmessa på Dalen fekk gode råd av John G. Bernander, som understreka kor viktig det er at dei lyttar til hjarta når dei skal velje retning for framtida.

NHO-sjefen fekk æra av å opne den etter kvart så tradisjonsrike messa, som samlar ungdom og næringsliv frå store delar av Vest-Telemark. Å ikkje velje minste motstands veg var eit av hovudpoenga i opningstala hans.

– Ingenting ein ynskjer her i livet er lett. Ein må velje motbakkane for å kome dit ein vil, sa Bernander.

Han trekte fram det gode og omfattande samarbeidet mellom Haugerud og Nilsen og Vest-Telemark vidaregåande som døme på kor viktig det er for å sikre kvalifisert arbeidskraft for framtida.

– Dette bør eg kanskje ikkje seie, men de unge er mykje viktigare for oss, enn me er for dykk, sa han til skuleungdomane på vegne av heile næringslivet.

Ei framtid i forsvaret
Men det viktigaste på yrkesmessa er ikkje kva vaksne menn står på scenen og seier. Det viktigaste er møtet mellom ungdomane og valmoglegheitene deira for framtida. Alt frå vidaregaånde skular og Haukeli ysteri, til politiet og førskulelærarar i Tokke var som vanleg møtt opp for å informere og rekruttere dei unge lovande.

Santiago Gutierrez i 10. klasse på Åmot skule fekk testa om han var soldatmateriale då Selini Henseth i forsvaret lærte han korleis han skal ta ekte armhevingar.

– Klarar du 25 av desse? Du skal heilt ned til armen min, kommanderte Henseth.

Santiago var noko raud i toppen då han reiste seg opp etter mange av dei ekstra tøffe styrkeøvingane, men meinte framleis at ei karriere i forsvaret kunne vera interessant. Henseth ynskte han velkomen, og understreka samstundes at ho ville ha fleire jenter inn i forsvaret.

– Me har hatt veldig mange innom standen vår i dag, og det er moro. Det er spesielt guteflokkar som er nysgjerrige på kva me driv med, men også mange jenter. For jenter født etter 1992 er det obligatorisk å møte på sesjon, og det gjer nok at mange ynskjer å undersøke kva moglegheiter forsvaret har å by på, sa Henseth.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!