Vil ha korps inn i skulen

Organisasjonen Korps i Skolen (KIS) meiner korps bør bli ein del av musikkundervisninga på skulen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei fleste skular vil i større grad kunna oppfylla krava i læreplanen enn i dag ved å innføra «Korps i skolen», seier Jostein Skare i organisasjonen til nettsidene til Norges Musikkorps Forbund.

Han meiner både musikkundervisninga på skulen, rekrutteringa til korpsa og musikk- og kulturlivet i samfunnet elles vil tena på at korps blir ein del av timeplanen på skulen.

Tiltaket er allereie prøvd ut på ein del skular, og erfaringane er gode. Den 26. januar inviterer «Korps i Skolen» alle skular, kulturskular og skulekorps i landet til seminar i Asker for å høyra meir om korleis korps i skulen fungerer i praksis. (©NPK)

 

Kva meiner du om dette forslaget?