Stort oljefunn i Barentshavet
Statoil meiner dei har knekt koden for oljeleiting i Barentshavet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statoil har gjort eit stort oljefunn i Barentshavet. Ein reknar med at funnet er på mellom 200 og 300 millionar fat.
Funnet er gjort i Havis-prospektet i same utvinningsløyve som Skrugard i Barentshavet. Dette er det andre store funnet i nord på ni månader
Førebelse oppdaterte volumanslag totalt for Skrugard- og Havis-funna i PL532 ligg på 400– 600 millionar fat utvinnbare oljeekvivalentar.
– Havis er det andre store oljefunnet vårt i Barentshavet på ni månader. Med omtrent same volum og reservoareigenskapar utgjer funnet tvillingen til Skrugard. Skrugard og Havis opnar ein ny petroleumsprovins i nord, seier Helge Lund, konsernsjef i Statoil.
Havis ligg cirka 7 kilometer sørvest for Skrugard-funnet som vart gjort i april i år. Havis ligg innanfor same utvinningsløyve, men er ein sjølvstendig struktur.
– Skrugard-funnet aleine gir grunnlag for ei sjølvstendig utbygging. Med Havis-voluma blir utbyggingsprosjektet endå meir robust. Vi er i ferd med å realisere Barentshavet som eitt kjerneområde på norsk sokkel, seier Erik Strand Tellefsen, direktør for Skrugard-utbygginga i Statoil.
Statoil er operatør for utvinningsløyve PL532 med ein eigardel på 50 prosent. Partnarar er Eni Norge AS med 30 prosent og Petoro AS med 20 prosent.
– Skrugard- og Havis-funna vil vere viktig for industriutviklinga og medverke til ytterlegare aktivitet i leverandørnæringa. Det vil gi nye arbeidsplassar og ringverknader i regionen, lovar Helge Lund. (©NPK)