Vil ha film frå ungdom

Med slagordet «Det beste av kortfilm i Sogn og Fjordane» er det snart klart for den sjuande filmfestivalen i Sogndal.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

19 engasjerte elevar ved Sogndal vidaregåande skule er med på å arrangera festivalen, som finn stad i mars. Dei håper mange nyttar høvet til å sende inn filmane sine.

– Me vil oppmoda all ungdom til og med 25 år og som har tilknyting til Sogn og Fjordane, om å laga filmar. Filmane vil bli vurdert av ein uavhengig jury. Me har fleire ulike kategoriar, og det vil også bli ein publikumspris, seier festivalsjef Silje Bråstad.

Juniorklasse
Det blir også ein eigen juniorklasse for barne- og ungdomsskuleelevar.

– Me håper at også denne aldersgruppa vil senda inn kortfilmar til oss. Når det gjeld frist for innsending, kjem me tilbake til det seinare. Men alle bør byrja å laga film no om dei har tenkt å bli med, seier Bråstad.  Filmskaping som tema  Det er travle veker for festivalgjengen med å få på plass føredragshaldarar, underhaldning og gallakveld.

Temaet denne gongen er filmskaping. Festivalen har alt fått stadfesta den eine foredragshaldaren, som er produsent for ein av dei store norske spelefilmane, vert det opplyst i ei pressemelding.

– Men me ønskjer ikkje å gå ut med namnet heilt enno, seier festivalsjefen.

Fagdag og galla
Festivalen vil innehalde ein fagdag, gallakveld med prisutdeling, workshop og filmvisning. Elevane gler seg veldig til neste års festival.

– Det blir kjempekjekt. Og dersom me får på plass dei føredragshaldarane og prisutdelarane me ønskjer oss, blir dette interessante dagar for mange, seier ho.