Jaktar på filmtalent i Noreg

Harald Zwart jaktar på nye, norske filmtalent under bransjearrangementet The Gathering på Hamar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jaktar på filmtalent i Noreg

Kvart år brukar fleire tusen unge spel- og dataentusiastar påsken på The Gathering – det største datatreffet i landet.

Arrangementet har gjennom 20 år vore eit nettverk for unge spirer innan data, spel og film.

No ønskjer den norske stjerneregissøren å gjere ekstra stas på eitt av dei mest lovande talenta.

Den heldige vinnaren av «Best Direction Award», ein regikonkurranse i regi av The Gathering, får ein draumedag i Hollywood, fortel arrangørane.

Vinnaren vil bli plukka opp av Harald Zwart på flyplassen i limousin. Deretter følgjer ei omvising på filmsettet til den norske regissøren, der vinnaren får sjå korleis film blir laga i storskala.

– Som ein ekte filmregissør får det unge talentet ein eigen regissørstol på settet, heiter det vidare.

– Eg ønskjer å inspirere og stimulere endå meir det kreative miljøet på The Gathering, som har fostra mange nye talent. Eg har mykje å lære av desse unge talenta, seier Harald Zwart.

Vinnaren av «Best Direction Award» blir kåra på The Gathering neste år. (©NPK)

LES OGSÅ: Knusar mytar om dataspeling