Vil byggja kraftliner for 50 milliardar

Innan 2021 ønskjer Statnett å bruka mellom 40 og 50 milliardar kroner på å sikra tilførsel av straum til forbrukarane i Noreg.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Monstermaster for 50 milliardar

Utviklingsplanen til Statnett skal også leggja til rette for norsk klimapolitikk og verdiskaping, og planen konkretiserer investeringane som skal gjennomførast i denne perioden, opplyser selskapet.

– Medan vi i fjor presenterte ambisjonane våre for den komande tiårsperioden, er vi i nettutviklingsplanen for 2011 meir konkrete på tiltaka og korleis vi skal gjennomføra desse, seier konsernsjef Auke Lont.

Planen til Statnett er å sikra god forsyningstryggleik i Bergens-området og i Nord-Noreg, og å bidra til likare pris mellom Midt-Noreg og Sør-Noreg ved å syta for betre nettkapasitet.

Statnett meiner det må leggjast til rette for småkraft og vindkraft i tillegg til elektrifisering av petroleumsverksemd og ny industriell verksemd langs kysten.

I planen peikar Statnett på at utfordringane er større enn det ein tidlegare har rekna med. Konsekvensen er at bygginga av nytt sentralnett og samband til og frå Sverige, Nederland, Tyskland og Storbritannia tek lengre tid. Dette skapar uro hos Energi Norge, som representerer 270 kraftprodusentar.

– Det må takast grep både i konsesjonsprosessar, prioriteringar, finansieringsløysingar og viljen til å sleppa til fleire aktørar. Her må både politikarane, energistyresmaktene, Statnett og kraftbransjen koma sterkare på banen, seier administrerande direktør Oluf Ulseth i Energi Norge. (©NPK)

KOMMENTAR: Regjeringa sin monsterbløff