Mektig menneskleg om moral

FILM: Toppkarakter til «Play» av Ruben Östlund.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Play»
Regi: Ruben Östlund
Lengde: 118 min.
Sjanger: Krim/Drama 

BIFF: Kvar dag vert folk lurt inn i situasjonar eller samtalar dei finn det vanskeleg å komme seg ut av. Filmen «Play» av Ruben Östlund viser korleis fem unge gutar med innvandrarbakgrunn klarer å rane andre barn utan å bruke verken vald eller fysisk tvang.

Gjennom filmen blir sjåaren tatt med på ei moralsk ferd der ein utfordrast til å reflektere over kva makt menneske er i stand til å utøve, og til eiga plikt som medborgar i eit samfunn.

I løpet av filmen ser ein korleis desperasjonen utviklar seg hos gutane, der dei vert vikla lenger og lenger inn i ein situasjon dei ikkje kjem seg ut av. Uttrykket «stressbesj» får eit ansikt, då ein av unggutane vert så stressa og fortvila at han må la sitt fornødne sprute undervegs. Frustrasjonen er til å ta og føle på når banden brukar diverse hersketeknikkar for å få viljen sin.

Situasjonane ein vert introdusert for har ein stor porsjon fortviling, men humoren er til stades gjennom heile filmen. Utsnitta er ofte stilleståande og karakterane bevegar seg inn og ut av bildet. Slik er sjåaren vitne til hendingane på skjermen, og filmen får eit realistik preg. Også den improviserte dialogen styrkjer realitetskjensla. Skodespelet hos dei unge karakterane er overbevisande gjennom heile filmen.

Ein er ikkje berre vitne til rollespelet gutane mellom, men og kor passivt medmenneske reagerer i grufulle situasjonar. Det er nærast pinsamt å sjå korleis vaksne menneske er vitne til vald og urett, utan å gripe inn. Filmen lukkast i største grad å engasjere sjåaren.

Mellom slaga møter ein ei tilbakevendande togscene, der vaksne menneske er oppriktig frustrert på grunn av ei feilplassert barnevogge. Östlund set slik meiningsløysa i eit større perspektiv, og det styrkar bodskapen. Ein forlet filmen med auka fokus på menneskeleg moral.

LES FILMMELDINGA I STUDVEST!