Tilrår røysterett for 16-åringar

Å redusera røystealderen til 16 år er bra for demokratiet, meiner Europarådet og rår medlemslanda til å vurdera 16-årsgrense ved alle val.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilrår røyste- rett for 16-åringar

– Det er modig av Europarådet å koma med dette forslaget. Det er heilt i tråd med det vi har tenkt her heime når vi har foreslått å senka stemmerettsalderen, seier barneombod Reidar Hjermann.

I ein resolusjon peikar Europarådet på at det er fleire grunnar til å innføra lågare stemmerettsalder. Mellom anna vil fleire eldre føra til ungdom i Europa blir i mindretal. Det blir vidare peikt på at unge som må venta med å stemma, blir mindre aktive veljarar.

Rapporten konkluderer med at det mange positive konsekvensar av å senka røysterettsalderen til 16 år, men få negative.

Hjermann meiner mange europeiske politikarar er spente på forsøka med røysterett for sekstenåringar i Noreg.

– Heile Europa følgjer med på korleis røysterett for sekstenåringar vil påverka det norske demokratiet, her kan Noreg gå føre, seier Reidar Hjermann. (©NPK)