Skiftar parti etter å ha tatt partitest

Valforskar: – Valomatane kan påverke ferske veljarar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over éin million nordmenn har tatt valtestar på nettet. Så mange som 18 prosent av dei som har fått råd om å velje eit anna parti enn det dei opphavleg tenkte å stemme på, seier dei vil følgje rådet.

– Somme vil kanskje la seg påverke, til dømes førstegongsveljarar og folk med lite kunnskap om politikk, seier valforskar Anders Todal Jenssen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) til Dagsavisen. Han strekar likevel under at dei fleste nok ser på valomatane som underhaldning og trur ikkje nettstadene vil ha noko å seie for valresultatet.

Av dei over éin million valtestane som er gjort på nettet, er 700.000 tatt på NRK.no, 165.000 på ABC Nyheter/Framtida.no, 122.000 hos Dagbladet og 102.000 på fellesvalomaten til avisene Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen.

PRØV VALGOMATEN TIL FRAMTIDA.NO HER!

– Vi er med på å gjere folk betre orientert om dei største politiske spørsmåla. Folk tar ikkje valomatane for god fisk, meiner redaksjonssjef for nettenester på NRK.no Erik Bolstad.

Han stadfestar at småparti som Dei grøne og Pensjonistpartiet gjer det langt betre i valomatane enn ved sjølve valet. Det gjeld også Venstre, men ikkje i like stor grad dei andre sentrumspartia.

– Desse har nok ein politikk som ligg nært opptil dei store partia. Ved valet er det mange som vil stemme på eit stort parti, sjølv om dei kanskje er meir einige med eitt av dei små, meiner Bolstad. (©NPK)