Quiz: Nyheitsåret 2018

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
2018 er på hell, og det er det på tide å sjekke kor mykje ein fekk med seg i året som gjekk. Kor godt har du følgt med?
Quiz: Kor mykje fekk du med deg av nyheitsåret 2018?
- Spørsmål 1 av 15
1.
I sommar vart nokre gutar og fotballtrenaren sitjande faste i Tham Luang Nang Non-grotta i Thailand. Kor mange var dei, inkludert trenaren?
Det stemmer! Det var 12 gutar og ein fotballtrenar som vart fanga av mosunvêr og ikkje kom seg ut av grotta. Etter 17 dagar vart dei trygt redda ut.
Det er nok feil. Det var 12 gutar og ein fotballtrenar som vart fanga av mosunvêr og ikkje kom seg ut av grotta. Etter 17 dagar vart dei trygt redda ut.
- Spørsmål 2 av 15
2.
Kvar vart vinter-OL arrangert i år?
Gull til deg! Det stemmer. Vinter-OL gjekk av stabelen i Sør-Korea sin hovudstad Pyeongchang.
Du skulle nok hatt eit reserveskot, for dette var skivebom. Vinter-OL gjekk av stabelen i Sør-Korea sin hovudstad Pyeongchang.
- Spørsmål 3 av 15
3.
Fregatten KNM Helge Ingstad skapte overskrifter i november, men kva heitte tankskipet den kolliderte med?
Der small du til med eit korrekt svar. Det var MT «Sola TS» som hadde eit uheldig møte med fregatten.
Du har ikkje heilt stø kurs. Det var nok MT «Sola TS» som hadde eit uheldig møte med fregatten.
- Spørsmål 4 av 15
4.
6. april 2018 hadde ein kjend diktar og journalist vorte 200 år gammal. Kven?
Lat sjå du som alltid på folk helder styr! Det var heilt rett.
Du er ikkje ein av dei som på folk alltid held styr. Det var nok sjølvaste Vinje som hadde vorte 200 år i år.
- Spørsmål 5 av 15
5.
Etter nesten sju månadar på reise landa ein romsonde på Mars i slutten av november. Kva heitte den?
Stemmer! Insight skal bruke to år på å studere det djupe indre av Mars. Skal tru om den inneheld nugat og karamell?
Woops, det var feil. Det er nok Insight som skal bruke to år på å studere det djupe indre av Mars. Skal tru om den inneheld nugat og karamell?
- Spørsmål 6 av 15
6.
I månadsskiftet juni til juli i 2018 var det fotball-VM i Russland. Kven gjekk av med sigeren?
Oui oui! C’est vrai – det er sant! Franskmenna slo Kroatia 4-2 i finalen. Engelskmennene på si side tapte bronsefinalen mot Belgia.
No, c’est incorrect! Det var franskmennene som kunne reise heim med pokalen i kofferten. Dei slo Kroatia 4-2 i finalen, medan engelskmennene tapte bronsefinalen mot Belgia.
- Spørsmål 7 av 15
7.
I mars trekte Sylvi Listhaug seg som justis-, beredskaps- og innvandringsminister. Kven tok over ansvaret?
Det stemmer! Per Sandberg tok over ansvaret i knappe to veker før Tor Mikkel Wara vart utpeika til ny minister.
Det er nok feil. Det var Per Sandberg som tok over ansvaret i knappe to veker før Tor Mikkel Wara vart utpeika til ny minister.
- Spørsmål 8 av 15
8.
Kven fekk Dialektprisen 2018?
Korrekt. Det var Leif Einar Lothe som fekk æra i år. – Det er sikkert gode greier det, eg veit ikkje kva det er for noko, sa han til Framtida.no etterpå.
Det var nok Lothepus som fekk med seg prisen heim i år. – Det er sikkert gode greier det, eg veit ikkje kva det er for noko, sa han til Framtida.no etterpå.
- Spørsmål 9 av 15
9.
Brasil valde ny president i år – Jair Bolsonaro. Kvifor var det kontroversielt?
Det er rett. Bolsonaro har kome med nedsetjande ytringar om kvinner, afro-brasilianske, skeive, urfolk og fattige.
Det er feil. Bolsonaro har kome med nedsetjande ytringar om kvinner, afro-brasilianske, skeive, urfolk og fattige.
- Spørsmål 10 av 15
10.
Swaziland bytte namn i april. Kva heiter dette landet søraust i Afrika no?
Heilt rett! Kong Mswati III annonserte at Swaziland skulle byte namn til Eswatini den 19. april, på same dag som landet feira 50 år med sjølvstende frå Storbritannia.
Det er nok feil. Kong Mswati III annonserte at Swaziland skulle byte namn til Eswatini den 19. april, på same dag som landet feira 50 år med sjølvstende frå Storbritannia.
- Spørsmål 11 av 15
11.
I løpet av sommaren tredde eit nytt regelverk i kraft i Europa – GDPR. Kva skal det sikre?
Ding-ding-ding! Det stemmer, General Data Protection Regulation skal sikre godt vern av personopplysingane dine.
Womp-womp-wooomp. Feil. General Data Protection Regulation skal sikre godt vern av personopplysingane dine.
- Spørsmål 12 av 15
12.
I mai røysta irane om kor vidt dei skulle oppheve forbodet mot abort, og i august røysta det argentinske senatet om det same. Kva var utfallet?
Du heldt tunga rett i munnen! Nesten 70 prosent av irane stemte for at ei av Europas strengaste abortlover måtte endrast. I Argentina vart lovforslaget nedstemt i senatet.
Det gjekk litt over stokk og stein dette? Det vart nemleg feil. Nesten 70 prosent av irane stemte for at ei av dei Europas strengaste abortlover måtte endrast. I Argentina vart lovforslaget nedstemt i senatet.
- Spørsmål 13 av 15
13.
Donald Trump nominerte i år sin andre kandidat til å verte høgsterettsdommar i USA. Kven var det?
Rett svar! Brett Kavanaugh vart godkjend av det amerikanske senatet i oktober med 50 stemmer for og 48 mot, til trass for at han etter nominasjonen vart skulda for valdtektsforsøk.
Det er nok feil! Brett Kavanaugh vart godkjent av det amerikanske senatet i oktober med 50 stemmer for og 48 mot, trass i at han etter nominasjonen vart skulda for valdtektsforsøk.
- Spørsmål 14 av 15
14.
Denis Mukwege og Nadia Murad fekk Nobels fredspris 2018. Kvifor?
Det stemmer! Den kongolesiske legen Denis Mukwege har brukt sitt vaksne liv på å hjelpe offer for seksualisert vald i Kongo, medan irakiske Nadia Murad, som vart halde fange av IS, har brukt stemma si for å vitne om overgrepa som finn stad.
Feil. Den kongolesiske legen Denis Mukwege har brukt sitt vaksne liv på å hjelpe offer for seksualisert vald i Kongo, medan irakiske Nadia Murad, som vart halde fange av IS, har brukt stemma si for å vitne om overgrepa som finn stad.
- Spørsmål 15 av 15
15.
Kva heiter den svenske 15-åringen som i førekant av det svenske valet streika frå skulen for å få politikarane til å ta klimakrisa på alvor?
Korrekt! Greta Thunberg talte også under klimatoppmøte i Katowice i desember. Då fekk verdsleiarane passa sine påskrivne: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje, sa ho.
Det gjekk nok litt i ball for deg! Ho heiter Greta Thunberg. Den svenske klimaaktivisten talte også under klimatoppmøte i Katowice i desember. Då fekk verdsleiarane passa sine påskrivne: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje, sa ho.