– Kultur er noko forbanna mannskit!

Urbant Folkeparti går nye vegar for å få ungdom til å stemma.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

"Partiet" vil gje alle pengane som går til kultur til pelsdyrnæringa. For som partileiaren seier i valkampvideoen:

– Alle ungdommar likar dyr.

Saka held fram under videoen!

Videoen er sjølvsagt berre tull, frå ende til slutt. Men poenget med videoen er å provosera ungdom til å bruka stemmeretten sin, fortel Gard Nilssen til NRK. 16-åringen spelar sjølv hovudrolla som partileiar i filmen. Av førstegangsveljarane var det berre ein av tre som nytta denne ved sist lokalval. Så målet er alvorleg nok.

16- og 17-åringar i Hammerfest er blant dei heldige som stemmerett til hausten. Byen er den som hadde lågast valdeltaking sist lokalval. Då brukte berre 51,8 prosent av folkesetnaden stemmeretten sin.

QUIZ: Kva veit du om lokaldemokratiet?

Større satsing
12. juli la Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) fram ein rapport som viser at unge under 30 år er kraftig underrepresentert i kommunestyre og fylkesting landet over.

Til Framtida.no sa LNU-leiaren at dette blir opplevd urettferdig, og går ut over legitimiteten til demokratiet.

LNU lanserte i vår si eiga satsing for å auka valdeltakinga blant unge, Stem1209.no. Og mange andre har sine aksjonar for å få fleire til å nytta stemmeretten. I Grimstad, der dei òg har forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar, har dei blant anna laga denne videoen:

Har du tips om andre videoar som har mål om få unge til å bruka stemmeretten – tips oss i kommentarfeltet!