Måling:

Studentane har ein ny favoritt

I ei partimåling blant norske studentar kjem SV ut på toppen med 16,7 prosents oppslutning. Arbeidarpartiet og Frp ligg like bak.

NPK-NTB
Publisert

Målinga som Sentio Research har utført for Khrono og Norsk studentorganisasjon, er den første sidan i fjor sommar. Då enda Framstegspartiet overraskande som det største partiet blant studentane i landet, med 25,4 prosents oppslutning, medan SV berre fekk ei oppslutning på 11,8 prosent.

I målinga i år er derimot plassane bytte om. SV enda øvst med 16,7 prosents oppslutning, Ap er nummer to med 16,1 prosents oppslutning og Frp på tredjeplass med tilslutning frå 15,8 prosent av dei spurde.

Høgre, med ei oppslutning på 13,4 prosent, hamnar så vidt føre Raudt med berre 0,2 prosentpoeng. MDG har derimot langt fleire støttespelarar blant studentane i landet enn elles i samfunnet, med ei oppslutning på 10,5 prosent.

– På vanlege partimålingar ligg Frp ofte svært høgt blant veljarar mellom 18 og 30 år. Det er godt mogleg at desse tala viser at skilnaden mellom studentar og unge som ikkje studerer, er relativt stor, seier valentusiast Johan Giertsen, som står bak nettstaden Poll of polls.

I alt 1004 studentar over 18 år er spurde i målinga som vart gjennomført frå mai til juli. Feilmarginen er frå 1,9 til 3,1 prosentpoeng.