Slik vart ho «mini-Haaland»
Ein annan som var med på stuntet, var YouTubaren iShowSpeed. Han er ein av verdas mest kjende innhaldsskaparar på YouTube og lagar videoar om mellom anna fotball og dataspel.
Det var han som gav Alva kallenamnet ho no er blitt kjend under.
– Gutane me var saman med, sa til iShowSpeed at han måtte helsa på mini-Haaland, så då kalla iShowSpeed meg det, og så har det gått litt viralt at eg er mini-Haaland. Det er veldig gøy!
På stadion var det mange som la merke til gjengen som var kledd ut som Haaland.
– Det største var vel at Haaland vinka til oss frå banen, men det har også vore veldig gøy å gå til og frå kampen fordi mange ville ta bilete av oss. Me fekk veldig mykje merksemd då alle likna på Haaland med parykkar og full fotballbekledning.
Seinare dukka gjengen også opp på Haaland sin eigen Instagram-konto.
– Eg veit ikkje om han har fått med seg mini-Haaland akkurat, men han har fått med seg stuntet og lagt ut eit bilete på Instagramen sin av oss. Der kom eg også med. Det er jo ganske så gøy!
Ein bursdag ho seint vil gløyma
Turen til Boston varte berre nokre dagar, men vart ei oppleving Alva kjem til å hugsa lenge.
– Eg vart 13 år den 26. juni, same dag som me såg Noreg mot Frankrike i Boston. Så eg har hatt ein heilt fantastisk bursdag i år!
– Me var i Boston frå 24. til 28. juni. Me kom heim i forgårs, så det blir ikkje fleire kampar i USA. Dei andre kampane har eg fått lov å sjå midt på natta heime saman med familien. Det har også vore veldig gøy!
Har tru på Noreg
– Å få dra og sjå Noreg på ekte mot Frankrike var stort. Sjølv om Haaland ikkje spelte, så såg me han jo likevel. Andre spelarar eg synest er kule er mellom anna Ødegaard, Nusa og Mbappé.
Neste kamp ser ho framfor TV-en heime saman med familien.
– Sjølvsagt! Den blir på TV med familien!
Og hadde ho fått velja sjølv, skulle reisa gjerne vart litt lenger.
– Skulle gjerne ha vore igjen og sett alle kampane, men er veldig fornøgd med å få sett Noreg mot Frankrike i Boston!
Ho håpar at Noreg tek seg vidare.
– Eg trur det blir ein jamn kamp. Me skal ikkje gløyma at Elfenbeinskysten har eit godt fotballag, men klarer me å halda forsvaret og Haaland er på, så kan me klara å vinna. Eg håpar verkeleg at Noreg vinn!