Sørlandet: Unge menn bryr seg mindre om likestilling
Unge menn i Agder er meir kristne enn før og bryr seg mindre om likestilling, ifølgje ei fersk undersøking.
547 elevar i vidaregåande skular, hovudsakleg i Agder, har svart på ei undersøking om likestilling og religion. Trenden er tydeleg, seier Pål Ketil Botvar, professor ved Universitetet i Agder, til Fædrelandsvennen.
– Unge menn har vorte mindre likestillingsorienterte. Det er eit kjempetydeleg funn, seier han.
Ifølgje professoren er det ganske store rørsler sidan same undersøking vart gjord for ti år sidan. Spesielt blir unge menn trekte i ei meir høgrepopulistisk retning. Forskjellane mellom gutar og jenter har også auka.
På spørsmål om kvinner skal ha lik moglegheit som menn til arbeid, seier 27 prosent av mennene seg svært samd.
39 prosent av unge menn svarer svært samd på at kvinner og menn skal ha lik lønn for likt arbeid. 76 prosent av kvinnene seier det same.
UiA-professoren finn teikn i undersøkinga som tyder på at mennene som stemmer til høgre, også er eller blir meir kristne. 44 prosent av dei spurde svarer at trua betyr noko i dagleglivet. Det er ei dobling samanlikna med for ti år sidan.
– Sjølv om analysen ikkje er ferdig, ser eg at det er ein veldig tydeleg samanheng mellom religiøsitet og høgrepopulisme, seier Botvar.



