Haaland kjøpte den dyraste boka i noregshistoria
Jærbuen kjøpte ei gammal utgåve av Snorre Sturlasons kongesagaer, og gir ho bort i gåve.
No har Haaland bestemt seg for å gi boka i gåve til heimkommunen Time, kjem det fram av ei pressemelding tysdag.
Stavanger Aftenblad har òg omtalt historia.
Kjøpte av skipsreiar
Haaland kjøpte boka saman med faren Alfie før jul.
– Eg har aldri vore ein stor lesar, men eg vil at boka alltid skal liggja slått opp, slik at ein kan lesa om dei som kom frå strøka mine, frå Bryne og Jæren, seier fotballstjerna.
– Då er det lettare å få lyst til å lesa, når ein kan kjenna seg igjen i dei som det er skrive om, seier han.
Det var skipsreiar og samlar Johan Odfjell som selde eksemplaret Haaland no har kjøpt.
Inviterer til lesing
Haaland gir ho til Time kommune, under føresetnad av at boka blir stilt ut og gjord tilgjengeleg for folk på biblioteket på staden han kjem frå. Ei stifting vil i samarbeid med kommunen og biblioteket leggja til rette for at boka kan stillast ut i trygge omgivnader.
– Eg lever draumen min, men han er diverre for dei få. Eg har sett korleis bøker gir mange fleire høve til å drøyma, og til å leva ut draumane sine, seier Haaland.
Han inviterer barn og unge i heimkommunen til ein lesekonkurranse i samband med at kommunen no får den sjeldne boka.
Konkurransen startar i skuleåret 2026/2027. Då blir elevane på mellomtrinnet og ungdomsskulen inviterte til å lesa så mykje dei klarer, og klassane som til slutt vinn, blir inviterte til Ullevaal til kamp saman med Haaland og resten av landslaget.

Boka er trykt i 1594 og verdt over éin million kroner. Foto: Time Kommune / Handout / NTB / NPK
Tilbake til røtene
– Me er svært takksame. Takksame for denne utruleg sjenerøse gåva, takksame for at Erling, som er den mest kjende nordmannen i verda, aldri gløymer kvar han kjem frå, men ikkje minst er me takksame for at han, Alfie og EH9 Foundation gir oss høve til å gjera noko av det aller viktigaste me kan gjera for ungdommane våre, gi dei leseglede, seier ordførar i Time kommune, Andreas Vollsund.
Foreldra til Alfie Haaland og ei rekke andre i familien har vore lærarar på skulen på heimstaden.
– Røter er viktige. Me har røtene våre her i kommunen, og så har me alle djupe røter som ein kan finna i forteljingane i Snorres kongesagaer. Me håpar at både boka og konkurransen kan gi glede og vera med på å laga røter for nye generasjonar i Time, seier Alfie Haaland.
Den aller første trykte utgåva av kongesagaene til Snorre på norsk kom i 1594.
Boka var byrjinga på Snorre slik me kjenner han i dag, den største av alle forteljingar om vikingane i Noreg.



