Raud Ungdom meiner Israel ikkje bør eksistere – KrFU kallar det ein farleg retorikk

Raud Ungdom ønsker ei palestinsk sekulær éinstatsløysing. KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland meiner det bryt med folkeretten.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi meiner jo at Israel er ein etnostat som diskriminerer basert på religion og hudfarge, og rett og slett står i vegen for å få til fred i regionen og for å få til fridom for det palestinske folket.

Det seier Halvor Bergkvist, leiar av Raud Ungdom, på telefon til Framtida. Då ungdomspartileiarane summerte 2025 før nyttår, meinte han at den største nedturen var at Israel framleis eksisterer.

– Det var ei litt humoristisk formulering, men det handlar om at vi ønsker ei palestinsk sekulær éinstatsløysing, oppklarar han.

Bergkvist forklarar at Raud Ungdom meiner at Israel ein illegitim stat, fordi staten er etablert på landområde dei har stelt frå palestinarane.

– Staten Israel, slik han eksisterer i dag, er eit apartheidregime, fordi det er ein religiøs stat. På same måte som alle andre religiøse statar så meiner vi at Israel ikkje har noko grunnlag for å eksistere, dersom ein ønsker fred og fridom for alle.

Ingrid Olina Hovland er leiar i KrFU. | Foto: Anine Lie/KrFU

Må legge Israel sin legitimitet til grunn

Ingrid Olina Hovland, leiar i KrFU, synest dette er ein absurd og farleg retorikk.

– Raud Ungdom snakkar mykje om respekt for folkeretten. Etter folkeretten eksisterer Israel som ein stat, og det må snart Raud Ungdom akseptere, skriv Hovland på melding til Framtida.

Ho meiner Israel sin eksistens og legitimitet må ligge til grunn dersom ein skal klare å ha ein fruktbar diskusjon om konflikten i Midtausten.

Sjølv støttar Hovland ei tostatsløysing, samstundes som ho meiner det var feil av Noreg å anerkjenne ein palestinsk stat i 2024, utan å stille krav til Hamas.

– Det einaste det har ført til, er mindre diplomatiske band til Israel. Det har ikkje redda ein einaste palestinar.

Varig fred krev meir

Hovland meiner det er eit brot på folkeretten å fremje ei éinstatsløysing.

– Så lurar eg på korleis Raud Ungdom har tenkt å realisere dette målet? Denne målsettinga liknar skummelt mykje på Hamas sitt mål om å utslette staten Israel.

KrFU-leiaren understrekar at Noreg må jobbe for ein varig fred der palestinarar og israelarar kan leve i fred og tryggleik, og at det inkluderer å jobbe mot Hamas.

– Vi må ikkje vere naive. Vi kjem aldri til å få ei varig løysing med eit radikalt og ekstremistisk Hamas som styrer på Gaza.

Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide på pressekonferansen der Noreg anerkjente den palestinske staten i 2024. | Foto: Mathias Rongved / Utanriksdepartementet

Tostatsløysing og éinstatsløysing

I Israel-Palestina-debatten vil du oftare høyre omgrepet «tostatsløysing».

Då regjeringa anerkjente Palestina som ein stat i 2024 sa statsminister Jonas Gahr Støre at berre ei tostatsløysing kan gi tryggleik, føreseielegheit og framtidshåp både for israelarar og palestinarar.

Raud Ungdom meiner ei tostatsløysing ikkje er vegen å gå.

– Viss det hadde fungert så kunne det kanskje vore eit godt alternativ, men vi ser at kvar gong ein har prøvd seg på ei tostatsløysing så har ikkje Israel respektert det, seier Bergkvist, og viser til blokaden av Gaza etter Oslo-avtalen.

Difor har ungdomspartiet vedteke at dei vil fremje ei éinstatsløysing der «både israelarar og palestinarar skal leve i ein demokratisk og sekulær stat. Dette inneber avskaffinga av busetjarkolonien Israel.»

Moderpartiet støttar ei tostatsløysing

RU er det einaste norske partiet som fremjar ei slik løysing. Heller ikkje moderpartiet Raudt går inn for denne politikken.

Kva er ei tostatsløysing?

Tostatsløysinga tek utgangspunkt i at det er ein uavhengig israelsk og ein uavhengig palestinsk stat som eksisterer side om side, med ein spesiell status for Jerusalem, som er eit viktig religiøst område for begge gruppene.

Gazastripa og Vestbreidda er som regel utgangspunktet for ein palestinsk stat i moderne tid, men nøyaktige grenser varierer ut frå kven ein pratar med.

Denne løysinga var grunnlaget for Oslo-avtalen som Israel og Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) signerte i 1993, der ein skulle få eit avgrensa palestinsk sjølvstyre, og Israel skulle trekkje seg tilbake frå okkuperte palestinske område på Vestbreidda og Gaza, fram mot nye forhandlingar.

Partisekretær Reidar Strisland skriv at RU får svare for sin eigen politikk når Framtida.no spør kva partiet synest om utsegna til Bergkvist.

– Raudt støttar ei tostatsløysing, basert på folkeretten og dei internasjonalt anerkjente grensene frå før 1967, skriv Strisland i ein e-post til Framtida.

Reidar Strisland er partisekretær i Raudt. | Pressefoto: Ihne Pedersen

Israel har okkupert Vestbreidda, Aust-Jerusalem og Gaza-stripa sidan Seksdagarskrigen i 1967. FN har fleire gonger vedteke at israelske busettingar på palestinske område er ulovlege, seinast i ein resolusjon i 2016.

– Raudt sin politikk er at Israel no må pressast til å gi frå seg alle okkuperte område og betale for gjenoppbygging av ein levedyktig palestinsk stat, skriv Strisland til Framtida.no.

Halvor Bergkvist er leiar i Raud Ungdom. | Foto: Åshild Slåen

Meiner tostatsløysinga ikkje fungerer

RU-leiaren meiner ein heller må sjå til Sør-Afrika for å finne ei varig løysing på konflikten.

Han viser til sannings- og forsoningsarbeid som vart gjennomført etter apartheidregimet fall. Bergkvist ser for seg at dersom ein dannar éin felles stat i dagens Israel/Palestina, må dei bruke tid på å bygge opp tillit mellom gruppene i regionen.

– Det er heilt klart problem i Sør-Afrika, men ein har jo klart å avskaffe apartheidregimet der, og då trur eg ein klarer det i Israel også, avsluttar han.