Machado søkjer støtte hos paven

Måndag hadde den venezuelanske opposisjonspolitikaren María Corina Machado audiens hos pave Leo XIV.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Måndag fekk fredsprisvinnar María Corina Machado ein privat audiens hos pave Leo XIV.

Ho forklarte etterpå at ho nytta høvet til å be paven engasjera seg for å frigje dei hundrevis av politiske fangane i heimlandet hennar, melder nyheitsbyrået Reuters.

Ved årsskiftet skal det ha vore minst 800 politiske fangar i Venezuela, ifølgje menneskerettsgruppa Foro Penal. Verdssamfunnet og FN legg no press på landet for å sleppa fri desse fangane.

Myndigheitene opplyste måndag at dei hadde sett fri 116 politiske fangar, men ifølgje menneskerettsgruppa Foro Penal, var det berre 49 fangar som var frigjevne på det tidspunktet, melder Aftenposten.

FN oppmodar Venezuela til å vera transparente og gje familie og slektningar informasjon om skjebnen og den rettslege statusen til deira kjære, som dei òg må få kontakta. Dei oppmodar Venezuela til å setja fri politiske fangar og sikra at dei får naudsynt helsehjelp.

– Dette er ikkje tråd med Venezuela sine forpliktingar til menneskerettane. Me er særleg uroa for kvinnene som framleis er fengsla gitt den klare og samansette verknaden på deira helse og omsorgsansvar, skriv FN i ei fråsegn.

Torsdag møter Machado USAs president Donald Trump, som har teke Venezuelas president Nicolás Maduro til fange og stilt han for retten i New York.