39 prosent av unge trur Noreg kan vinne VM

– Vi takkar for tilliten, seier landslagssjefen.

NPK-NTB
Publisert

Over ein firedel av nordmenn trur Noreg kan vinne fotball-VM, viser ei undersøking som Norstat har gjort for Dagbladet. Særleg dei unge har stor tru.

28 prosent av dei spurde svarer ja på spørsmålet om Noreg kan vinne årets fotball-VM. 59 prosent svarer nei, medan 14 prosent har inga oppfatning, skriv Dagbladet.

Blant dei under 30 år er andelen mykje høgare – 39 prosent.

1000 personar er spurde i undersøkinga.

Landslagssjef Ståle Solbakken er forsiktig når han blir konfrontert med tala.

– Det er nok litt i optimistiske laget, men vi takkar for tilliten og skal gjere vårt beste, seier han til Dagbladet.

VM i Nord-Amerika blir det første sluttspelet for eit norsk A-landslag i fotball for menn sidan 2000.