Statsbudsjettet 2026:
Natur og Ungdom om kvoteauke: – Flautt og uansvarleg
Regjeringa set av 15 milliardar til kjøp av klimakvotar utanfor EU. – Ein tryggleiksventil, svarar klimaministeren.

– Det er både flautt og uansvarleg at regjeringa vil kjøpe seg ut av ansvaret dei har for å bremse klimaendringane, skriv leiar Sigrid Hoddevik Losnegård i ein kommentar på e-post til Framtida.no.
Natur og Ungdom er skuffa over regjeringas klimasatsing i forslaget til statsbudsjett for 2026. Dei reagerer på at regjeringa vil kjøpe klimakvotar tilsvarande opptil 15 millionar tonn CO₂-ekvivalentar fram mot 2030.
Ein klimakvote er eit løyve til å sleppe ut eitt tonn av klimagassen CO₂ (karbondioksid) i atmosfæren.
Dobling i kvotemidlar
I ei pressemelding skriv regjeringa at dei vil arbeide for å kjøpe klimakvotar frå EU-land, men for å redusere risikoen for at vi ikkje oppfyller Parisavtalen gjennom EU-samarbeidet aleine, vil regjeringa også kjøpe klimakvotar utanfor EU.
Regjeringa føreslår i statsbudsjettet å setje av 15 milliardar til kvotekjøp utanfor EU. Det er nesten ei dobling frå i dag.
I statsbudsjettet understrekar dei at det er stor usikkerheit om det endelege behovet, som både kan bli lågare og høgare.
Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) forklarar til Altinget at hovudgrunnen er at det er usikkert kor mykje av utsleppskuttet frå Noregs klimasamarbeid med EU som kan bokførast som norsk.
Losnegård i Natur og Ungdom meiner regjeringa ikkje tar inn over seg kor alvorleg verdssituasjonen vi står i er.
– Det vi treng er ein utfasingsplan for olje og gass, og ei storstilt satsing på ei grøn omstilling av alle samfunnslag. Viss alle skulle kjøpt seg ut av klimakrisa ville det ikkje blitt noka endring. Noreg er heilt i utakt med verda rundt seg og det er flautt.
Noregs klimamål
Noregs klimamål under Parisavtalen er at klimagassutsleppa skal reduserast med minst 55 prosent i 2030 samanlikna med utsleppsnivået i 1990.
Regjeringa ønsker å oppfylle målet i samarbeid med EU.
Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Det inneber at klimagassutsleppa i 2050 er redusert med 90 til 95 prosent frå utsleppsnivået i 1990.
Nyleg melde Noreg eit nytt og skjerpa mål om 70–75 prosent utsleppskutt innan 2035 til FN.
– Farleg og usolidarisk.
Også miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire er kritisk til regjeringas føreslåtte auke i kvotekjøp.

Spire-leiar Thea Birgitte Erfjord meiner regjeringa prøver å kjøpe seg ut av omstillinga som trengst nasjonalt. Foto: Spire
– Det er farleg og usolidarisk. Vi får ikkje tryggleik for framtida utan reelle, ambisiøse utsleppskutt på heimebane. Desse pengane må gå til direkte klimafinansiering til det globale sør, ikkje til klimakvotar som pyntar på Noregs klimautslepp, seier leiar Thea Birgitte Erfjord i ei pressemelding.
Onsdag la regjeringa fram Grøn bok, som kjem saman med statsbudsjettet. Det er ei utgreiing av Noreg sine klimautslepp og korleis vi ligg an til å nå klimamåla våre.
Ifølgje Nettavisen kjem Noreg til å sleppe ut 13,3 millionar tonn meir CO₂ innan 2030 enn det vi har fått lov av EU. Gapet mellom lovnaden og det faktiske talet har auka med 7,9 millionar tonn CO₂ sidan i fjor.
– Framtidas generasjonar kjem til å sjå tilbake på klimapolitikken til denne regjeringa med skam. Det er heilt absurd at dei skryter av utsleppskutta våre når vi ligg så dårleg an, meiner Erfjord.
Ein slags tryggleiksventil
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) seier til E24 at Noreg ligg godt an til å nå det juridisk forpliktande målet om 55 prosent felles utsleppskutt med EU innan 2030.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Foto: Martin Lerberg Fossum
Han seier samla kutt i samarbeid med EU ligg an til å vere 66 prosent innan 2035.
Til Framtida.no uttalar statsråden at det ikkje er slik at dei droppar nasjonal omstilling og brukar kvotar i staden.
– Vi skal nå klimamåla våre gjennom å kutte utslepp i Noreg og i samarbeid med EU. Men sidan vi ikkje veit om dette tek oss heilt i mål, har vi kvotekjøp som ein slags tryggleiksventil, svarar Eriksen i ein e-post via kommunikasjonseininga.
– Mange utviklingsland ønsker at vi skal samarbeide om å kutte utslepp, og slikt samarbeid kan bidra til å framskunde den grøne omstillinga, legg han til.