Framtida.no søkjer journalistar til fast stilling og vikariat

Framtida.no søkjer etter to nynorskskrivande journalistar som kan bidra til at den gode veksten vår held fram. Ønskjer du å utvikla deg som journalist er dette ein god sjanse.

Framtida
Publisert

Me søkjer deg som vil laga god, engasjerande og dagsordensetjande journalistikk om politikk og samfunn, miljø, utdanning, kultur og andre område for ungdom frå 15 til 25 år.

Me ser etter deg som:

  • er idérik med stor gjennomføringsevne
  • er framoverlent og har engasjement og lyst å bidra til at Framtida.no får fleire lesarar og set dagsorden på våre felt
  • er oppdatert på kva som engasjerer målgruppa både i sosiale medium og utanfor
  • er nyfiken, lærevillig og har lyst å utfordra deg sjølv
  • er god på å samarbeida, knyter kontaktar og kommuniserer godt
  • har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyheitsbiletet
  • har god bildeforståing, meistrar foto, video og grafikk
  • er god på innhaldsproduksjon til sosiale medium og følgjer med på kva som rører seg der
  • har god, nynorsk språkføring

Er dette deg, vil me gjerne at du søkjer. Om du ikkje har mykje erfaring på alle områda må du gjerne søkja likevel. Kanskje har du kompetanse, interesser og erfaringar me ikkje allereie har i redaksjonen, som me ikkje visste me trong?

Framtida.no er ein inkluderande arbeidsplass som ynskjer søkjarar med ulik erfaring og bakgrunn, både innan utdanning, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsvariasjon og anna.

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom, i eit lærerikt miljø der du får høve til å utforska nye måtar å formidla historier på. I jobben får du ansvar for å leita fram, skriva og formidla viktige nyheiter og reportasjar for unge i alderen 15 til 25 år. Du vil òg bidra med desking.

Framtida.no har fire tilsette på kontoret i Glasmagasinet sentralt i Oslo. Me har òg eit lokalkontor på Stord, som er hovudsetet til vår søster- og samarbeidsavis Framtida Junior. Dei tilsette har ein time trening i veka i arbeidstida.

Den eine stillinga er fast og 100 %. Framtida.no har i tillegg behov for ein journalist i eit vikariat frå februar og ut oktober 2026. Løn etter avtale.

Spørsmål kan rettast til Andrea Rygg Nøttveit, redaktør Framtida.no. Tlf: 481 40 342

Søknadsfrist: 16. november 2025

Send søknad med cv og arbeidsprøvar til andrea @ framtida.no. Hugs å presisera om du søkjer på vikariat, fast eller begge stillingane.