Sentralt ungdomsråd i Oslo vil ha 16 års aldersgrense for sosiale medium

Leiar i ungdomsrådet peikar på rekruttering til kriminelle miljø som ein viktig årsak til at det bør innførast strengare aldersgrenser i sosiale medium.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Me unge som stiller oss positive til dette forslaget er fordi me unge bryr oss om dei rundt oss, seier Orkidee Farzehsaeid til Nyhetsmorgen på NRK.

Ho er leiar i sentralt ungdomsråd i Oslo, som er sett saman av ein representant frå kvar bydel i hovudstaden.

– Unge ser at andre vener, familiemedlemmar, kusiner, fetterar, dei ein er glad i, dei ender opp i kriminelle nettverk som organiserast på slike sosiale medium. Og då ynskjer ein jo at ein får regulering slik at ein klarar å redde dei rundt seg frå å falla i slike kaninhol, forklarar ho vidare i sendinga.

Over 8000 høyringssvar

Sentralt ungdomsråd er blant dei over 8100 som har sendt inn høyringssvar til forslaget om aldersgrense på sosiale medium. Barne- og familiedepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet la i sommar ut sitt forslag om ei absolutt aldersgrense på 15 år for sosiale medium. Regjeringa vil òg auke aldersgrensa for når barn kan samtykke til behandling av personopplysningar frå 13 til 15 år.

Teknologiselskapa skal få ansvaret for å innføra aldersverifisering for tenestene sine.

– Regjeringa meiner born under 15 år ikkje skal vera på sosiale medium. Me må vera born i det digitale samfunnet, og ikkje overlata dei aleine til algoritmar og techgigantar. Born skal vernast mot skadeleg innhald, overgrep, kommersiell utnytting og misbruk av personopplysningar, sa barne- og familieminister Lene Vågslid i ei pressemelding då forslaget vart lagt ut på høyring.

I høyringssvaret kjem det fram at medlemmane i sentralt ungdomsråd er noko splitta i synet, men at majoriteten er positive til ei aldersgrense.

Farzehsaeid seier til NRK at ho vart overraska over det store engasjementet for saka då ho vart behandla i sentralt ungdomsråd, og peikar på at mange av ungdommane ikkje ville ha meir fridom, men strengare regulering enn det som regjeringa hadde føreslått. Dei argumenterer for å auka aldersgrensa til 16 år og viser til at det samsvarar med den seksuelle lågalderen og alderen som enkelte vil senkja stemmerettsalderen til.

Leiar Orkidee Farzehsaeid og nestleiar August Brunner fotografert i bystyresalen ved eit tidlegare høve. Foto Birgitte Vågnes Bakken

Like reglar

I tillegg til ungdomskriminalitet meiner sentralt ungdomsråd at ei høgare aldersgrense kan gjera det vanskelegare å til dømes skaffa e-sigarettar, og føra til at unge må samhandla på andre måtar enn via sosiale medium.

Farzehsaeid meiner det kan vera lettare for både foreldre og unge med nasjonale reglar, framfor at det vert opp til kvar enkelt forelder.

– Om regjeringa og den norske stat tydeleg regulerer og set eit eksempel for verda, men òg landet, så vert det mykje lettare for unge og foreldre òg, enn at det skal vera opp til kvar enkelt forelder å kvar enkelt unge, seier ho til NRK.

Sentralt ungdomsråd i Oslo er likevel uroa for personvernet i samband med aldersgrensene, og ber regjeringa sjå nærare på gode løysingar for dette. I tillegg er dei uroa for at unge kan ta i bruk andre sosiale plattformer som Reddit, 4chan og kan bli freista til å utforska Dark Web.

Tidlegare denne veka var òg mobbeforskar ved Universitetet i Stavanger, Ida Risanger Sjursø, ute i NRK.no og åtvara om at digitale meldingstenester som Snapchat og Whatsapp ikkje vert råka av aldersgrensene.

Sentralt ungdomsråd i Oslo er uroa for at forbodet kan avgrensa barn og unge sine moglegheiter til kontakt og å organisering, og ber regjeringa sjå på eigne løysingar for unge. Dei peikar på ei løysing der unge under 15 år får tilgang til alderstilpassa innhald på TikTok, som på YouTube.

Lovforslaget om aldersgrense omfattar sosiale medium som inneber tenester som:

  • Let brukarane oppretta ein offentleg profil
  • Let brukarane knyte seg saman i nettverk
  • Lagrar og formidlar innhald som brukarane lastar opp, utan redaksjonell kontroll over innhaldet.
  • Regjeringa vil òg vurdera om algoritmestyrt innhaldsstraum skal inngå i definisjonen.

Regjeringa vil føreslå unntak for:

  • Dataspel
  • Tenester som brukast til kommunikasjon om til dømes skule og fritidsaktivitetar
  • Tenester som brukast til kommunikasjon i til dømes sivile og politiske organisasjonar
  • Tenester som primært brukast til kjøp og sal av varer og tenester (som til dømes Tise og Finn.no).
  • Tenester som primært brukast til formidling av bustad- eller stillingsannonsar
  • Digitale meldingstenester (som Whatsapp, e-post)

Kjelde: Regjeringa