Kristiansand er kåra til Årets ungdomskommune

Under opninga av den nasjonale ungdomskonferansen i Øystese kunngjorde barne- og familieminister Lene Vågslid at Kristiansand er kåra til Årets ungdomskommune. Kommunen får ein pris på 250.000 kroner.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Kristiansand gjer ein strålande jobb med å inkludere ungdomar i politiske prosessar gjennom Ungdommens bystyre. Arbeidet kan gi nyttige erfaringar som andre kommunar kan lære av, seier Vågslid i ei pressemelding.

Årets ungdomskommune blir delt ut annakvart år til ein kommune som utmerkjer seg i arbeidet for retten unge har til deltaking og medverknad i lokalsamfunnet. Vinnaren blir kåra under den nasjonale ungdomskonferansen, som i år blir halden i Øystese 21.–23. september.

Ungdomskonferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsrådsmedlemmer og dei som jobbar for og med ungdom i kommunane.

– Ungdom har rett til å bli inkludert i politiske prosessar som gjeld dei. Det må ikkje berre vere noko vi seier i festtalar. Difor er det fantastisk å kunne hylle dei som får det til i praksis. Både Kristiansand og dei andre finalistane har vist at dei meiner alvor når dei seier at dei trur på den evna ungdom har til å bidra, seier ministeren.

Konferansen blir arrangert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som i år samarbeider med vinnaren frå 2023, Kvam herad, og ungdomsrådet i Kvam.