I bokhylla: Elida Karo har for langt namn for ein bokrygg

Ingrid Elida Karo Johansen kjenner seg mest att i sin eigen romanfigur Leah.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg er ein periodelesar. Eg kan lesa null bøker over fleire månader, før eg plutseleg les kvar dag, skriv Ingrid Elida Karo Johansen i ein e-post til Framtida.no.

25-åringen frå Oslo hadde faktisk ein periode der ho ikkje las på fleire år. Så langt i 2025 kan ho skilta med 15 bøker, som tilsvarer 1,88 bøker i månaden

– Ikkje veldig mykje å skryta av. I alle fall ikkje for ei som prøver å leva av å nettopp lesa og skriva, konkluderer Johansen.

Elida Karo

Namn: Elida Karo. I passet: Ingrid Elida Karo Johansen. Men det vart for langt for ein bokrygg

Alder: 25 år

Frå: Oslo

Utdanning: Bachelor i journalistikk ved Oslomet og Forfatterstudiet i Bø

Yrke: Journalist

 

Langt namn

I år kan ho nemleg skilta med sin aller første roman, Og forresten heter jeg Leah.

På ryggen til romanen står det Elida Karo, fordi Ingrid Elida Karo Johansen vart «for langt for ein bokrygg».

I debutromanen hennar møter lesaren Leah frå Ammerud. Ho er eit resultat av eit one night-stand, som ikkje har særleg hell i kjærleiken sjølv heller.

Romanen følgjer Leah i dei definerande åra frå ho er 14 til 23 år.

Spørsmålet om kva bokkarakter ho kjenner seg mest att i er lett for den ferske forfattaren:

– Her må eg vera såpass sjølvsentrert og seia min eigen karakter Leah, hahah … Dessverre er me ganske like.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den ferske forfattaren.

Kresen lesar

– Kva bøker les du helst?

– Eg er så redd for å bli stilt dette spørsmålet fleire gonger, for då kjem folk til å sjå at referanseramma mi ikkje er så stor, og at eg berre snakkar om dei same bøkene heile tida, haha!

Fordi ho ikkje er «den raskaste lesaren i verda», meiner Elida Karo at ho er blitt ein kresen lesar.

– Eg har ikkje tid til å lesa ei dårleg bok! Så det går for det meste i oppvekstromanar, og gjerne frå 70-talet og/eller frå same område eg sjølv er vakse opp i.

Forfattaren nemner tidlege Per Petterson, som skildrar oppvekst på Veitvet, og Roy Jacobsen, som skriv om Årvoll.

Starstruck

Elida Karo les 90 prosent i senga og 10 prosent i sofaen.

Når ho skriv til Framtida, varmar ho opp til den franske nobelprisvinnaren Annie Ernaux sitt Oslo-besøk med å lesa Hendelsen.

– Kanskje eg blir sint av den? Det trur eg kanskje. Men wææ, eg kjem til å bli så starstruck av å sjå ho, er Johansen sikker på.

Runda skulebiblioteket

Elida Karo vart ikkje lesen så mykje for som liten, men ho las mykje sjølv, og elska det.

– Foreldra mine budde ikkje saman, og eg var eit typisk helgebarn hos pappa. Han hadde ikkje TV, og budde eit stykke unna alle vennene mine, så då pleidde eg å ha med ein sekk full av bøker for å få tida til å gå. Eg trur eg runda skulebiblioteket ganske greitt. Elska dei grøssar-bøkene der ein fekk «val» og styrte historia sjølv. Etter kvart gjekk det mykje i Harry Potter og Hunger Games.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Herregud, hugsar veldig godt ei bok som heitte Søskenkjærlighet om eit kjærleiksforhold mellom ein bror og ei søster. Trur det var første bok eg las med sexscener haha. Wow, snakk om grensesprengjande kjærleik.

Trollmannen fra Lublin

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

– Oi, nok eit forferdeleg spørsmål. Eg vil jo ikkje at folk skal tru at eg innbiller meg at eg kan skriva som etablerte, prisvinnande forfattarar? Ok, men om eg kan seia boka som har rørt meg mest? Det må nok vera Vidunderbarn av Roy Jacobsen. For ein fantastisk stor, liten roman. Eg lo og eg gret og eg trur det er den boka som har rørt meg mest.

Elida Karo trur ikkje ho har lese så mykje av undervurderte forfattarar, men dreg fram polskjødiske Isaac Bashevis Singer som ein kandidat.

– Altså, han har jo vunne Nobelprisen, så undervurdert er han jo så absolutt ikkje, men verkar ikkje som han er så mykje lese i Noreg? Eg elskar Trollmannen fra Lublin.

Middag med bibelforfattar

Elida Karo meiner ei god bok er ei ho både kan le og grine av.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Kanskje dei folka som skreiv Bibelen? Så kunne eg fått veta ein gong for alle kva som er sant, og kva som er fake.

Om ho berre skulle lesa bøker frå éin forfattar heile livet, måtte det blitt norske Ingvill Rishøi.

– Ho skriv så klokt og sårt, og er ein meister i å skriva fram verda frå eit barns blikk. Heilt magisk. Og eg kjenner alt eg kan kjenna når eg les ho.

Famla seg inn i vaksenlivet

– Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Ooooh, godt spørsmål. Om eg er dårleg til å lesa bøker, så er eg i alle fall dårleg til å sjå på film! Men eg såg Ninja Baby då eg skreiv Og forresten heter jeg Leah, og eg hugsar eg tenkte at hovudkarakteren der, Rakel, minna meg litt om Leah. Kanskje noko med den svarte humoren, det litt barnlege, å famla seg inn i vaksenlivet (og kjærleiken), og ligginga! Hehe. Det var Kristine Kujath Thorp som spelte den rolla. Hadde digga å sjå ho som Leah.