Forfattardebutanten vil slå eit slag for «forfattarane sin forfattar», Kjell Askildsen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg tel ikkje, med vilje, fordi eg for det første ikkje klarer å hugsa å halda teljing, og for det andre fordi det skaper ein rar konkurranse med meg sjølv om kvantitet, men eg les jo bøker fordi eg likar dei, svarar Harmeet Kaur på kor mykje ho les i året.

Likevel anslår ho vanlegvis to bøker i månaden, som vert om lag 25 bøker i året.

Harmeet Kaur

  • Alder: 30
  • Frå: Bjørndal, Oslo
  • Utdanning: Internasjonale utviklingsstudium
  • Yrke: Kommunikasjonsrådgjevar

Harmeet Kaur har nettopp debutert som forfattar med romanen Superbloom, som handlar om ei mor som flytta frå India til Oslo, og ei dotter som reiser frå Oslo til New York.

Framtida sin meldar kalla Superbloom ein av dei sterkaste debutane på lenge.

Bøker på golvet

30-åringen les over alt, men alltid på sengekanten. Ho har alltid ein haug med bøker, som ikkje ligg på nattbordet.

– Dei ligg på golvet, sjølv om eg eigentleg er vaksen opp med at det eigentleg er litt respektlaust, skriv Kaur i ein e-post til Framtida.no.

Akkurat no ligg Buddha of Suburbia av Hanif Kureishi, Det er natten av Karolina Ramqvist, The Golden Notebook av Doris Lessing og The Left Hand of Darkness av Ursula K. Le Guin på golvet.

Ho les det meste, men merkar at ho blir dratt meir mot kvinnelege forfattarar enn menn, utan å meina det.

– Sidan det oftast er motsett tenkjer eg at det ikkje gjer så mykje, kanskje det til og med rettar litt opp i ubalansen til universet?

Novelleelskar

Mange av forfattarane ho likar best skriv hovudsakleg noveller, som Jhumpa Lahiri, Claire Keegan, Lucia Berlin, Samanta Schweblin og fleire.

– Eg er også veldig glad i memoarar eller essay i stilen til Deborah Levy, Joan Didion, Vivian Gornick.

Ho synest det er umogleg å svara på kva forfattar ho skulle lese resten av livet om ho berre fekk velja ein.

– Det måtte nok ha vorte ein novelleforfattar, for då blir det endå fleire forteljingar å lena seg på.

Kjell Askildsen (1929-2021) vert omtala som forfattarane sin forfattar. Foto: Finn Ståle Felberg, Wikimedia Commons (CC BY-SA 3.0)

Favorittforfattar

Kaur meiner det som gjer ei bok er stemninga ho skapar, ei kjensle som gjerne kan følgje lesaren lenge etter at boka er ferdig og handlinga gløymt.

– Kva bok eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg veit at han var anerkjend i si tid, men eg synest ikkje me snakkar nok om Kjell Askildsen lenger. Min absolutte favoritt blant norske forfattarar.

Var det éi bok ho skulle ynskja ho hadde skrive, er det Leaving the Atocha Station av Ben Lerner.

– Ho handlar om ein framandgjord og arrogant fyr som loffar rundt i Madrid på skrivestipend. Ho er tragikomisk, og det skulle eg gjerne klart å skriva.

En prinsesses dagbok

Ho har ikkje ein spesifikk karakter ho kjenner seg att i, men veldig mange av Jhumpa Lahiris karakterar har noko som gjer at dei kjennest nære.

I oppveksten las Kaur mest sjølv, men hadde òg ei syster som las for ho.

– Eg hugsar ikkje heilt kva, det eg hugsar best er at ho fann på historier. Eg kom med krav, som at hovudkarakteren skulle heita Lisa, også spann ho vidare på det.

I tenåra gjorde mellom anna En prinsesses dagbok-serien inntrykk.

– Han er skriven i dagbokform, med dato, klokkeslett og stad som byrjing på kvart kapittel. Eg kopierte det då eg las bøkene i åttande klasse, hugsar at eg tok med notatboka (av den standard typen ein fekk på skulen) i friminutta, på do og i klasserommet.

Samtale med Sally

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Sally Rooney verkar som ein god samtalepartnar.

– Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Oi! Om Ambika Mod som spelte i serien One Day hadde kunna norsk, trur eg ho ville vore ei super Amrita.

Leo Woodall og Ambika Mod i Netflix-serien One Day basert på boka med same namn. Foto: Netflix