Stortingsvalet 2025:

Miljøorganisasjon etterlyser reell klima- og miljøpolitikk: – Ikkje fleire tomme løfte

Spire ber klimapartia om å halda Arbeidarpartiet ansvarlege. Grøn Ungdom trur klima- og oljepolitikk blir blant av sakene det blir vanskelegast å bli einige om.

Andrea Rygg Nøttveit, Åshild Slåen, Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Denne saka er oppdatert 10. september med endeleg oppslutnad og mandatfordeling.

– Folk ønskjer seg reell klima- og miljøpolitikk, ikkje fleire tomme løfte. No er tida inne for å skru opp ambisjonane og få Noreg ut av fossilalderen.

Det seier Thea Birgitte Erfjord, leiar i miljø- og bistandsorganisasjonen Spire, i ei pressemelding send til Framtida.no.

– Må halda Ap ansvarleg

Arbeidarpartiet vart største partiet i stortingsvalet med 28 prosent av stemmene. Dei er avhengige av støtte frå både Senterpartiet (5,6 prosent), Sosialistisk Venstreparti (5,6 prosent), Raudt (5,3 prosent) og Miljøpartiet Dei Grøne (4,7 prosent) for å danna regjering.

Thea Birgitte Erfjord er leiar i organisasjonen Spire. | Foto: Spire

Spire meiner valresultatet viser kor mange det er som har stemt for klimarettferd og miljø, og forventar at valet vert følgt opp med ambisiøs klimapolitikk.

– Klimapartia må halda Arbeidarpartiet ansvarleg for ein grøn og rettvis politikk. Dei har mange i ryggen, og må kjempa for gjennomslag for ein utfasingsplan for olja, forbod mot gruvedrift på havbotnen, og full deinvestering frå folkemord og okkupasjon, seier Erfjord i pressemeldinga.

Ho viser til forskarar som åtvarar om at verda berre har tre år på seg, før me kan nå grensa på 1,5 grader temperaturauke samanlikna med førindustrielt nivå.

Spanande dynamikk

Amrit Kaur, leiar i Raud Ungdom, meiner klima vert ei viktig sak framover.

– Kraftpolitikk er ei sak Raudt har teke eigarskap til i det siste, i tillegg er vi veldig imot elektrifiseringa av Melkøya. Vi håpar å få skikkeleg gjennomslag på klima ved å samarbeida med SV og MDG, seier ho på telefon til Framtida.no.

Òg leiar i Sosialistisk Ungdom, Audun Hammer Hovda, håpar på eit større takskifte for klima og miljø.

– Eg er spent på den nye dynamikken på Stortinget med fleire parti som er store. Eg håpar det bidreg til å finna ein meir offensiv politikk enn me har sett dei siste fire åra, og er optimistisk med tanke på det.

Leiar i Raud Ungdom, Amrit Kaur. | Foto: Magnus Rotevatn

Grøn Ungdom

Tobias Stokkeland, leiar i Grøn Ungdom, håpar dei mindre partia på venstresida vil snakka godt saman, for å sikra gjennomslag og føra Ap i ei meir progressiv retning.

– Det viktigaste for meg er heilskapen: At me tek Noreg i ei grønare retning enn Noreg har vore i, gjennom statsbudsjettet, seier han på telefon til Framtida.no.

Han trur klimasaka vil bli noko av det som blir vanskelegast å bli einige om:

– Kor mykje pengar ein skal bruka på klimaprosjekt, kampar på olje og på andre saker.

Stokkeland meiner at ein kan forventa at dei vil klara å ta Arbeidarpartiet i ei grønare retning framover.

Eitt av krava frå MDG for å støtte regjeringa, er å sikra ein plan for utfasinga av oljeindustrien.

Tobias Stokkeland synest det er bra at fleire parti jobbar for å bli betre på klima- og miljøspørsmål. | Foto: Einar Nygaard

Senterungdommen vil kjøpa kvotar

Leiar i Senterungdommen, Nils Forren, representerer eit parti som ikkje vert omtala som eitt av klimapartia, men som Arbeidarpartiet vil vera avhengige av støtta til.

Han er oppteken av at klimakrisa ikkje kan løysast ved å leggja avgifter på vanlege folk.

– Vi må ta jordnære fornuftige avgjerder og også sjå at klimakrisa er global, så vi kan også kjøpa kvotar gjennom EU sitt kvotesystem i staden for å nakkeknekka norsk fastlandsindustri, seier han på telefon til Framtida.no.

AUF lovar å vera tydelege på klima

Òg AUF stiller seg lenger til venstre enn moderpartiet i mange spørsmål. Nestleiar Nimrah Ramzan lovar å vere like tydeleg på klima som dei har vore fram til no.

Ho peikar på at verda no ser mange kriser, både i Gaza og med krig i Europa.

– Trass i det meiner vi det vil vera feil å ikkje kutta utslepp i åra som kjem, for klimakrisa, ho er allereie her, og kjem til å truga oss den dagen det eventuelt blir mindre uro og krig verda. Vi er ganske tydelege, vi forventar at ein held fram å kutta utslepp, og at ein gjer det i eit raskare tempo enn det ein har gjort til no, og det kjem vi til å halda fram å krevja av vår regjering.

Nimrah Ramzan er nestleiar i AUF. | Foto: AUF