Skulevaldebatt: – Fekk stadfesta mine saker, og skjønt litt meir politikk

Fram til 1. og 2. september er det debattar og valtorg på vidaregåande skular rundt om i landet. Framtida.no tok turen til Vinstra vidaregåande skule for å sjekke stemninga.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen.

– Eg visste ikkje heilt kva det var eg stod for, men då eg høyrde på den debatten her, så vart det lettare å kome fram til det eg tenkte.

Det seier Ine Linnea Bredeveien (16) til Framtida.no like etter skuledebatten på Vinstra vidaregåande skule fredag 22. august.

Ho går andre året på studiespesialisering og har fleire saker ho i utgangspunktet bryr seg om, blant anna frikortgrensa, skatt og matvareprisar.

– Det å høyre på kva dei sa om skatt, synest eg var spennande.

Ine Linnea Bredeveien (16) veit ikkje kva ho skal stemme i skulevalet, men det blir på høgresida. | Foto: Åshild Slåen

Kvart valår reiser ungdomspolitikarar rundt omkring på vidaregåande skular for å delta på debattar før både skulevalet og det offisielle valet.

Datoane for skulevalet i år er 1. og 2. september. Då bør elevane ha ei viss oversikt over kva dei bryr seg om, og kva parti dei vil stemme på.

Kva er skulevalet?

Skulevalet blir gjennomført annakvart år, før kommunevalet eller stortingsvalet.

I år er det 1. og 2. september som er dei offisielle skulevaldatoane, men skulane kan velje å gjennomføre valet tidlegare. Resultatet blir ikkje tilgjengeleg før 2. september.

Valet skjer ved både private og offentlege vidaregåande skular. Ordninga er ein del av demokratiopplæringa, og skal hjelpe elevane med å tenke kritisk, lære seg å handtere meiningsbrytningar og respektere usemje.

Kjelde: Udir

Skatt og forsvar

– Eg vart klokare på ein del ting, som det tydelege skiljet mellom høgre- og venstresida.

Det seier Eirik Einlien (16)

Einlien går andre år på bygg og anlegg, innan betongarbeid. Han synest han vart klokare på kva dei forskjellige partia meiner om skatt og forsvar, noko han sjølv er veldig oppteken av.

– Og så bryr eg meg også om russetida, og forbod mot russegenserar og slikt.

Sjølv om han sette pris på Arbeidarpartiet sine utspel om gratis mat i kantina, er det Framstegspartiet som treffer han best.

På valtorget i etterkant var det også tydeleg at FpU og Unge Høgre var blant dei mest populære ungdomspartia.

Alle stortingspartia utanom KrF var til stade på både debatten og valtorget i etterkant.

Eirik Einlien (16) er blant anna oppteken av forbodet russegruppeklede som er i Innlandet. | Foto: Åshild Slåen
Åsmund Espetarud (17) synest det har blitt dyrt i matbutikkane dei siste åra. | Foto: Åshild Slåen

Mest einig i høgresida

Kameraten Åsmund Espetarud (17) nikkar til fleire av svara frå Einlien. Han går andreåret som tømrar.

– Eg synest det var jævla bra at alle fekk sagt det dei ville seie, og kva dei stod for og ikkje stod for, men eg like best å høyre på det høgresida hadde å seie, for det er dei eg er mest einig i.

Han likte også nokre av utspela frå Venstre.

– Kva saker er du oppteken av?

– Framtida og kor dyrt landet vårt skal vere.

Etter debatten er han endå sikrare på at han kjem til å stemme på FrP i skulevalet.

Både store tema, som forsvar og pengebruk i staten, men også meir lokale tema, som vegnett og skulenedlegging fekk plass i diskusjonen.

Nokre av ungdomspolitikarane er lokale, men fleire reiser frå lenger sør i fylket, som Gjøvik og Hamar, for å representere partiet i skuledebattar. Dei fleste skal vidare til ein ny debatt same dag.

Victoria Kristoffersen Haugen (17) har to jobbar, som gjer at ho er veldig oppteken av frikortgrensa. | Foto: Åshild Slåen

Vil ha høgare frikortgrense

Victoria Kristoffersen Haugen (17) går i likskap med veninna Ine Linnea Bredeveien på studiespesialisering, og synest det var interessant å høyre kva ungdomspolitikarane sa.

– Eg fekk på ein måte stadfesta mine saker, og skjønt litt meir politikk.

Hennar store sak er frikortgrensa.

– Eg har to jobbar, og eg er snart over 100 000 kroner i inntekt.

Det tyder at ho snart må betale 50 prosent skatt på det som går over frikortgrensa.

– Og det er eg ikkje så veldig gira på, for viss eg ikkje tener så mykje, så sit eg ikkje att med så mykje sjølv i månaden, og då får eg ikkje betalt for utgiftene mine.

– Var det noko parti du tykte gjorde det bra i debatten?

– Unge Høgre. Dei hadde definitivt mine saker og bekrefta mine hjartesaker.

Ine Linnea Bredeveien er også på borgarleg side, sjølv om ho ikkje har bestemt seg heilt.

– Blått, i alle fall. Anten Venstre, Høgre eller Frp.