Eddington: – Ujamn koronawestern

Ari Aster fortsett å vere alt anna enn føreseieleg med sin noko ujamne koronawestern.

Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

Det er 2020, og sheriff Joe Cross (Joaquin Phoenix) er lei. Koronaviset har enda ikkje nådd heimen, Eddington, men det har smittereglane. Dårlege nyheiter for astmatikarar og fridomskjemparar som han, tenkjer Cross.

Kona Louise (Emma Stone) er emosjonelt uvel forverra av den pandemistranda mora Dawn (Deirdre O’Connell), som har brukt sitt ufrivillig lange besøk til å fylle heimen med snakk om ulike konspirasjonsteoriar.

Eddington

  • Internasjonal tittel: Eddington
  • Nasjonalitet: USA
  • Regi: Ari Aster
  • Noregspremiere: 08.08.2025
  • Aldersgrense: 15 år
  • Sjanger: Mørk komedie, western
  • Speletid: 2t 29m

 

Lokalvalet nærmar seg, og den sittande borgarmeisteren Ted Garcia (Pedro Pascal) står til attval. Joe, lei av båe mannen og politikken han fører, tenker at nok er nok: No skal han sjølv stille til val, med sine to politikollegaar ved si side. Dessverre kunne ingenting ha førebudd han på det komande året, verken lokalt eller internasjonalt.

Det som følgjer er ein mørk komedie om ein mann som søkk stadig djupare i si jakt på kontroll og makt, og banda som både kryssast og skjærast over på vegen.

Utprøvande regissør

Regissør Ari Aster er ein interessant type.

Langfilmdebuten var skrekkfilmen Hereditary, ein av mine favorittfilmar som eg helst aldri vil sjå igjen, ein braksuksess båe hos publikum, kritikarar og i billettsal. Også neste film, Midsommar, var ein skrekkfilm som har blitt stempla som ein moderne klassikar. Hoppet kom med Beau is Afraid, ein mørk komedie og tre timar lang feberdraum som ikkje var i nærleiken av tene inn igjen budsjettet sitt. Det står dermed respekt av at han, i staden for å vende tilbake til skrekksjangeren der han er garantert eit publikum, vel å gå vidare i stadig nye retningar.

Om dette er rett retning? Tja, det kan ein diskutere.

 

Koronawestern

Eddington er djupt forankra i 2020 – pandemi, opptøyar, sosiale medium og konspirasjonsteoriar dannar et lappeteppe av uro som truar med å rakne. Fleire handlingstrådar, som verkar fjerne frå kvarandre, blir etter kvart veva inn i hovudhandlinga, med noko varierande suksess. Dei gir meining saman, ja, men ikkje alt er like engasjerande. Rundt midtpunktet tek handlinga også eit brått stup i uventa territorium, så heilskapsinntrykket vert ganske blanda – om ikkje tematisk passande til katastrofeåret 2020.

Ingen av karakterane er spesielt likande, og verst er kanskje hovudpersonen Joe, som rammar inn kvart av sine eigne ønske som det beste for alle andre. Joaquin Phoenix er perfekt, på det viset at eg fekk vondt i sjela av å sjå på han, på ein heilt anna måte enn eg fekk av han som stakkarslege Beau i Beau is Afraid. Spesielt scenane med kona Louise er vanskelege å komme seg gjennom.

Ujamn og unik

Aster er ein regissør som kan det å dra sjåarane sine over glørne, på godt og vondt. Det er augeblikk med vald som strammar seg i magen som ein knyttneve, og på sitt beste er det nesten trollbindande. Andre gonger vert det heller langdrygt, og ikkje alle handlingstrådane passar like godt saman. Kaoset som oppstår er toegga: Det skapar eit univers som det er lett å bli dratt med i, men inni det heile er det litt vanskeleg å trekkje fram kva filmen eigentleg vil seie. Det slår meg som ein film som ikkje er mest interessert i undersøkje dei politiske ideane han trekk fram, men heller nytte seg av situasjonane som kan oppstå.

Eg er ikkje heilt sikker på kva eg eigentleg synest om Eddington, men eg likar han betre som forteljinga om sheriff Joe Cross, med politikken som bakteppe, heller enn som rein satire. Til det er han for enkel og uvillig til å faktisk ta eit standpunkt anna enn at «begge sider er galne, ikkje sant?». Eg er ikkje sikker på kva for ein lesing som er den intenderte, og mogleg finst han heller ikkje – å lese ein film treng ikkje å vere ein strak prosess.

Terningkast: 4