Førstegongsveljar: Emilie vil ikkje stemma på eit «kult» parti

Ho følgjer med i nyheitene, men kan synast det er litt vanskeleg å finna ut kven som faktisk vil gjera noko.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Førstegongsveljaren er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen. I løpet av sommaren møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval. 

– Eg skal stemme i år, stadfestar Emilie Moldestad.

Framtida.no møter 18-åringen på biblioteket på Amalie Skram videregående skole i Bergen, der ho går siste året på studiespesialiserande linje med realfag.

Når ho skal stemma for første gong ved stortingsvalet denne hausten er ho elev på Nordfjord folkehøgskule på turlinja «Opplev Noreg».

Emilie Moldestad

Alder: 18

Frå: Bergen

Hobbyar: Kor skal eg byrja? Eg er turleiar i DNT, dansing ein gong i veka, eg er glad i å lesa bøker, eg likar å programmera, spela piano, eg syr når eg har tid til det, deltidsjobb på matbutikk.

Verv/organisasjonar: DNT Ung

Sosiale medium: Prøver unngå det. Eg er fort inne på Snapchat ganske ofte. Eg har sletta TikTok bevisst. Eg har Instagram, men prøver å ikkje skrolle så mykje der.

 

Vanskeleg å navigera

For to år sidan tok ho valomat i samband med skulevalet, og trur ikkje meiningane hennar har endra seg så mykje sidan då.

– Men det er veldig vanskeleg å navigera i politikken og finna ut kven som meiner kva. Kven som kjempar for å gjera kva, men òg kva som eigentleg bør prioriterast og kva som er viktig. Det er veldig mykje som berre blir prat utan at du får nokon som helst idé om kven som kjem til å gjera noko.

Moldestad er ein engasjert person som følgjer med i nyheitsbiletet. Sjølv om det ikkje alltid er enkelt, synest ho politikk er gøy og ikkje minst: spanande.

– Det er veldig mykje drama, som er gøy, men eg veit ikkje om det er det eg synest politikken skal vera.

For Moldestad er det viktigaste «kva kan ein gjera for å gjera verda til ein best mogleg stad for folk».

– Og då er politikken den vegen ein kan gå for å endra på ting, slår Moldestad fast, og legg til:

– Men eg blir litt «lost».

Diskuterer lite med vener

Ho diskuterer sjeldan politikk med vener, men kan diskutera ting som angår dei direkte. Det kan vera ting som eksamen og flytting av russetid.

– Akkurat no er eg ferdig med russetid, så eg tenkjer ikkje så mykje på det lenger, medgjev Moldestad.

– Kva trur du er grunnen til at du ikkje diskuterer så mykje politikk med vener?

– Det er nokon eg veit eg er stort sett einig med. Så er det nokon eg veit eg er ganske ueinig med, men samstundes føler eg meg ikkje sikker nok i mine eigne argument til å faktisk skulle gå i den debatten.

Emilie Moldestad synest skuledebattane bar preg av å vera ei jakt på popularitet. | Foto: Andrea Nøttveit

Styrer unna politisk påverknad

Moldestad får politiske nyheiter hovudsakleg gjennom det «vanlege mediebiletet», nettaviser som Bergens Tidende, podkastar, NRK nyheiter på Snapchat og nyheiter på NRK radio.

– Om eg hadde hatt TikTok framleis hadde eg sikkert fått ein del derfrå, men det gjer eg ikkje og det er eg eigentleg glad for. Eg prøver å bevisst styra litt unna kva dei enkelte partia gjer.

– Kven trur du påverkar dei politiske synspunkta dine mest?

– Den er vanskeleg … No har eg fått noko indoktrinert gjennom å vera frivillig i DNT, for då får du veldig fort beskjed om at: «Me likar ikkje vindkraft som øydelegg norsk natur».

Det er Moldestad heilt einig i, men når det kjem til kjernekraft fann ho ut at ho måtte gjera seg opp ei eiga meining uavhengig av sitt lokallag.

Motargument

Familien har òg ein viss påverknad, forklarar 18-åringen, og viser til at faren er kjøpmann og ofte kjem med motargument når media løftar saker om aukande prisar og daglegvaregigantar som tener mykje.

– Eg får den sida av saka veldig klart, men det gjer ikkje at eg står med Høgre, for å seia det slik.

Ho trur det er litt tilfeldig at ho har ein del vener med ein del like meiningar, men at det òg har samanheng med at dei har felles interesser.

Dei politiske sakene som engasjerer ho mest er natur og klimaendringar, eller «korleis redde verda».

– Eg er veldig lei av at me veit om dette problemet og me veit korleis me skal løysa det, men ingen gidd å løysa det fordi ingen kan tena pengar på å løysa det. Ingen tør å gjera noko som er eit upopulært val, seier Moldestad oppgitt.

Saker som ikkje engasjerer, er verre å svara på, men ho kjenner at eldreomsorg kjennest litt mindre relevant for ho personleg.

Useriøs skulevalkamp

– Synest du skulen har førebudd deg på valet?

– Skulen har førebudd meg på den måten at eg føler eg forstår mykje meir av samfunnet som heilskap. Men akkurat korleis finne ut kva parti som meiner, og faktisk vil gjera noko… Eg veit ikkje om skulen kunne førebudd meg betre heller, for det er veldig vanskeleg å navigera i uansett.

Ho viser til både opplæring i historie og debatt, skuleval og debattar.

– Det har òg hjelpt, men då ser ein òg kor mykje av valkampen som er at me skal søkja popularitet og vera kule. Eg vil ikkje stemma på eit «kult» parti, eg vil stemma på dei som faktisk skal gjera noko.