10 år med Parisavtala: – Kvart einaste tonn CO₂ tel

Maria Timmann Mjaaland (24) er ungdomsdelegat til FN sitt klimatoppmøte i 2025, der Parisavtala vart vedteken for 10 år sidan. – Mitt største ønske er at dei set barn og unge først.

Mathea Kulbotten
Publisert

– Eg meiner det er viktig å sjå på kva moglegheiter vi har. Vi kan bruke det at det er så kaotisk no, til å tenke: Då set vi inn støyten på klima! Det er mitt største ønske. At dei set barn og unge først, og tenker at framtida deira, den skal vi ta vare på, seier Maria Timmann Mjaaland.

Statsvitskapsstudenten sit på ein kafé på Blindern, der Framtida.no møter ho for eit intervju.

Det er snart eitt år sidan ho deltok på klimatoppmøtet som ungdomsdelegat for første gong. I år blir det den andre gongen.

– Kan jo vere at det blir bra

Ho reiser til møtet i Brasil i november for å representere 103 barne- og ungdomsorganisasjonar.

– Det var veldig intenst. Eg stod opp klokka seks kvar dag, og la meg i elleve-tolvtida, minnest ho.

Ungdomsdelegatane hadde eit godt samarbeid med den norske delegasjonen, men politikken som vart vedtatt vart ikkje heilt som dei hadde håpa på.

Men Mjaaland har lagt det bak seg, og er klar for eit nytt møte i år.

– Det kan jo vere at det blir bra! seier ho håpefullt.

Ikkje hatt ønska effekt

Parisavtala er ei internasjonal klimaavtale som vart vedteken i desember 2015. Nesten alle land i FN er med på avtala.

Eitt av dei viktigaste måla i Parisavtala er å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader over førindustrielt nivå.

Klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt seier på telefon til Framtida.no at Parisavtala la eit godt grunnlag for politiske diskusjonar, men at verda i praksis har følgt opp altfor dårleg.

– Eg trur ikkje det hadde vore ein stor forskjell om vi ikkje hadde hatt Parisavtala. Utsleppa har ikkje gått ned. Dei har tvert imot auka, seier han.

Hygen viser til ein rapport frå Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) som kom for nokre veker sidan.

– Der sto det at det er 80 prosent sannsynleg at minst eitt år mellom 2025 og 2029 vil bli varmare enn det varmaste året som er registrert, som var 2024.

2024 var det første året som var varmare enn 1,5-gradersmålet, ifølgje klimaovervakingstenesta Copernicus Climate Change Service.

– Eit døme på at vi kan få til noko saman

Rapporten viser også at vi vil krysse 1,5-gradersmålet dei neste åra. Men sjølv om vi gjer det, må vi ikkje tenke at alt er tapt. Vi kan få oppvarminga ned igjen, understrekar rapporten.

Forskaren trur Parisavtala vil stå som eit døme på samarbeid, og understrekar at vi alle må bidra:

– Parisavtala er eit døme på at vi kan få til noko saman, sjølv om ho ikkje har bidratt til reelle utsleppskutt. Alle saman, kvar og ein av oss og heile verdssamfunnet, må finne ut korleis vi skal kutte utslepp og bruke energi meir effektivt, samstundes som vi framleis skal leve bra.

– Stor forskjell på dei ulike landa

Ungdomsdelegaten til klimatoppmøtet fortel at dei ulike landa har veldig ulik forståing av klimasaka.

– Det er jo stillehavsøyer som verkeleg er sånn: Dette er vår eksistens! Og så er det nokre land som meiner det er viktig, men som ikkje har heilt den same kriseforståinga, seier Mjaaland.

Det er ei utfordring når alle verdas land må bli heilt einige på klimatoppmøtet.

– Så det er jo eigentleg litt utruleg at det går an å bli einige om noko som helst!

– Hugs at de sat i FN og lova dette

– Kva forventningar har du til Noreg på klimatoppmøtet i 2025?

– Det blir viktig at Noreg tek sitt historiske ansvar. Kva kan vi få til og kan vi bidra enda litt meir enn vi gjer i dag? Eg trur Noreg, med sin økonomi, kan bidra meir enn vi har gjort hittil, seier ho.

Mjaaland forventar også at Noreg følger opp det vi har blitt einige med verda om at vi skal gjere, å verne om måla i Parisavtala.

– Dei er til for at vi skal nå dei. Dei er meint å vere ambisiøse. Vi må fylle avtala med den meininga ho har, seier ho.

Ho meiner at måla kan hjelpe barne- og ungdomsorganisasjonane til å vere vaktbikkjer i samfunnet.

– Dei kan seie: Hugs at de sat i FN og lova dette. Då må de faktisk gjere det!

Optimist eller pessimist?

Er du optimistisk for framtida?

Mjaaland tenker seg litt om.

– Det kjem an på dagsforma. Det skjer ting som er bra for klimaet, det berre skjer langsamt og for sakte. Men det har skjedd veldig mykje meir enn vi trudde var mogleg i 1990 og i 2015, svarar ho.

Og ho har ein tanke som motiverer ho vidare:

– Kvar einaste desimal tel. Kvart einaste tonn CO₂ tel. Det handlar ikkje berre om å få det til eller ikkje med 1,5-gradersmålet. Det handlar om å kutte så mykje vi klarer, slår ho fast.

– Viser at det er mogleg

Utanfor Stortinget møter Framtida.no Sigrid Hoddevik Losnegård (22), som er leiar i Natur og Ungdom.

Ho deler ungdomsdelegatens forventningar til Noreg, og ønsker at vi hadde vore meir stressa i møte med klimakrisa.

– Når EU seier at dei vil klare å kutte 54 prosent av utsleppa innan 2030 så lenge dei held seg til planen sin, så viser dei jo at det er mogleg. Eg skulle gjerne ha likt å sjå at dei rikaste landa, som Noreg, tok meir ansvar, fordi dei bidrar mest til klimakrisa, seier ho.

Ho trur 1,5-gradersmålet kan gjere folk demotiverte.

– Fordi det ikkje verkar som at vi kjem til å nå målet. Når politikarane ikkje oppfører seg som at det er eit viktig mål, kvifor skal vi bry oss om å prøve å nå det?

Forstå ansvaret

Viss vi ikkje forstår ansvaret vi har som nasjon, vil ikkje Parisavtala stå sterkt også i framtida, trur NU-leiaren.

– Dei landa som ikkje er like rike som oss, har ikkje eit like godt utgangspunkt for å omstille seg som vi har. Derfor må Noreg gi pengar og teknologi til land i det globale sør som dei treng for å møte klimaendringane.

Avtala er også viktig for omstilling i vårt eige land, påpeikar ho.

– Vi treng ein plan for alle dei folka som jobbar i oljenæringa no, sånn at dei ikkje plutseleg vaknar opp ein dag og har mista jobben sin. Og ein plan for at omstillinga ikkje skal gå på kostnad av nokon. Vi skal ikkje ha fleire Fosen-saker.

I alle fall idealist

Losnegård er spent på kor stor plass miljø og klima vil få i stortingsvalet til hausten.

– Vi veit at klima framleis er ei viktig sak for veljarane, sjølv om det har blitt dyssa ned og laga store saker om at ingen bryr seg om det lenger. Det er ikkje sant i det heile tatt, seier ho.

22-åringen vel å sjå lyst på framtida. Ho trur folk vil at omstillinga av Noreg skal vere trygg og rettferdig, og at det er noko vi skal få til.

– Som NU-leiar er ein kanskje nøydd til å vere optimist. Eller i alle fall idealist. Vi har jo løysingane på klimakrisa, vi må berre gjennomføre dei, avsluttar ho.