Summer (18) sette tre verdsrekordar på éi veke

På berre éi veke sette symjestjerna Summer McIntosh frå Canada tre verdsrekordar.

Janne Nerheim
Publisert

Saka var først publisert i Framtida Junior.

Onsdag sumde ho 400 meter medley (ei tøff øving med fire ulike symjestilar) på tida 4 minutt og 23 sekund. Det er raskare enn nokon kvinner eller menn har gjort før.

Tidlegare i veka sumde ho også kjempefort på både 400 meter og 200 meter, og slo gamle rekordar der òg, skriv NRK.

Summer vann tre OL-gull i Paris i fjor.