Nynorskelevar møter for mykje bokmål

Regjeringa har undersøkt korleis det står til med nynorske læringsressursar i skulen. Noregs Mållag krever lovendring.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Denne rapporten viser at vi hadde rett då vi åtvara om at nynorskelevane møter for mykje bokmål i skulekvardagen, fordi mange av dei mindre læringsressursane ikkje finst på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Ikkje lovfesta krav

Utsegna til Mållaget kjem i samband med ein ny rapport som har kome i kjølvatnet av at Stortinget vedtok ein ny opplæringslov i juni 2023. Dei valde å ikkje lovfeste krav om nynorskversjon av læringsressursar utvikla til bruk i skulen, slik mellom anna Noregs Mållag, Språkrådet, Utdanningsforbundet og ei rekkje norske ordførarar kravde.

Derimot bad Stortinget departementet om å undersøkje korleis situasjonen er i skulen, og no er rapporten frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) klar.

Nokre hovudfunn frå rapporten er at «det er færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål» og at «det ofte er vanskeleg å finne fram til innhald på nynorsk».

Berre 49 av 90 kartlagde læringsressursar er på nynorsk. Av desse igjen er det fleire som inneheld ein mindre del nynorsk, og det er vanskeleg å finne fram til det nynorske innhaldet der dette finst.

– Ikkje overraska

– Vi er ikkje overraska, og dette stemmer godt overeins med dei tilbakemeldingane vi har fått over tid frå elevar, foreldre, lærarar og skuleeigarar i nynorskkommunane, seier Lofnes Hauge.

Ein læringsressurs er mindre i omfang og ofte avgrensa til eit særskild tema og har ikkje krav om nynorsk og bokmålsversjon, slik læremiddel har.

Rapporten slår fast at det for både lærarar og elevar er uklart kva som er læringsressursar, og kva som er læremiddel. Definisjonsforvirringa kan utnyttast av produsentane ved å sjonglere med omgrepsbruken. Det er difor naudsynt med ei lovendring, meiner mållagsleiaren.

– Det er umogleg å sjå for seg at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun ikkje fremjar lovendring for Stortinget etter å ha fått denne rapporten, seier Noregs Mållag.