Lånekassen kuttar renta på studielånet

Lånekassen set ned fastrentene på studielån frå 1. juli. Også den flytande renta fell noko.

NPK - Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Den flytande renta på studielånet vert sett ned frå 5,156 prosent til 5,099 prosent.

Det melder Lånekassen tysdag.

Frå 1. juli vil fastrentene på studielån vere:

  • 4,774 prosent for tre års bindingstid (ned 0,038 prosentpoeng)
  • 4,736 prosent for fem års bindingstid (ned 0,009 prosentpoeng)
  • 4,717 prosent for ti års bindingstid (ned 0,019 prosentpoeng)

Om du vil binde renta frå 1. juli kan du søkje om dette i perioden 10.-17. juni.

Alle dei tre fastrentene held fram med å vere lågare enn den flytande renta, noko som har vore situasjonen sidan mars 2024.

Lånekassen har 1,2 millionar kundar, som anten får stipend og lån eller som betaler ned på studielånet sitt.

Det er gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden som dannar grunnlaget for rentene på studielån. Frå dette snittet blir trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter. Det er Finanstilsynet som fastset Lånekassens rentesatsar.