Kunstnar Vebjørn Sand (59) visste tidleg kva han ville bli. I ein hybel i Oslo på 80-talet kopierte han måleri, studerte kunsthistoria og levde utan TV – med Kafka og Tarkovskij som selskap.

– Det sterkaste minnet frå då eg var 20, var den samla erfaringa med nye inntrykk i Oslo, minnest Vebjørn Sand.
Kunstnaren frå Bærum er først og fremst kjend for både måleri og spektakulære prosjekt i det offentlege rom – som Keplerstjerna, Leonardo da Vinci-brua og det folkekjære Roseslottet på Holmenkollen.
I 2023 dukka han opp på ein heilt annan arena – som deltakar i Skal vi danse på TV 2, der han dansa med Norunn Ringvoll. Dermed fekk også eit nytt publikum møte Vebjørn Sand – denne gongen i glitter og dansesko.
Kopierte måleri på Nasjonalmusett
Då han var 20 år, i 1986, hadde han nettopp flytta til Oslo og byrja å studere ved Kunstakademiet.
– Eg hadde akkurat flytta heimanfrå og budde i Oslo, skriv han på e-post til framtida.no.
Kvardagen brukte han på å gå i fotspora til dei gamle meistrane.
– Eg budde på hybel og kopierte måleri på Nasjonalgalleriet (no Nasjonalmuseet) for å lære gamle målarteknikkar, og samtidig byrja eg å studere på Kunstakademiet (no KHIO).
Gjennomgripande tru på framtida
Han hugsar ikkje noko særleg frå sjølve 20-årsdagen, men han minnest følelsen av å stå midt i eit skifte.
– Det var mange inntrykk ved å ha flytta heimanfrå og å komme til Oslo med nye vener og studiar.
Han fortel at trua på framtida var sterk i ungdomsmiljøet rundt han.
– Det var ei gjennomgripande tru på framtida på 80-talet. Eg trur dei fleste i min krets opplevde at verda gjekk mot eit slags lyst og humanistisk mål for menneskeslekta.
Visste at han ville bli kunstnar
På spørsmål om han visste kva han skulle bli, er svaret klokkeklart:
– Ja, det sto heilt klart for meg.
Han skulle bli kunstnar, og kvardagen fylte han med læring og lesing.
– Det var avgjerande å få mest mogleg kunnskap. Kafka var viktig, C.G. Jung og Aasmund Brynildsen var viktig.
– Eg las også klassikarar. Det var viktig å lese, orientere seg i kunsthistoria, idéhistoria osv. Eg hadde ikkje TV, men av filmkunst var Andrej Tarkovskij sentral.
– Unge menneske har eit sterkt behov for bekrefting
På spørsmål om kven som var den viktigaste personen i livet på denne tida, svarar han:
– Begge foreldra mine har jo naturleg nok vore heilt sentrale for kven eg har blitt.
Dersom han skulle ha møtt sitt 20 år gamle sjølv i dag, ville han sett ein med retning og driv.
– Eg ville nok tenkt at det var ein veldig målretta 20-åring.
– Unge menneske har eit sterkt behov for bekrefting, og for å få gode og oppbyggjelege råd frå dei som er eldre. Eg ville møtt den unge ambisiøse guten med tydelegheit – og vist han anerkjenning og bekrefting først og fremst.
Råda han ville gitt
Han meiner mange unge kastar bort mykje tid på å vere usikre og sjenerte, og at nokre har for høg sjølvtillit på dårleg grunnlag, medan andre har låg sjølvtillit på godt grunnlag.
På spørsmål om kva råd han ville gitt til seg sjølv svarar han nettopp dette, og held fram:
– Når vi blir eldre, blir dei fleste friare og meir direkte – på rett grunnlag. Fridom, myndigheit og mot er nøkkelord for oss menneske.
– Å lese mykje og få kunnskap er avgjerande for eit godt grunnlag å leve ut frå. Jobb og studer hardt, og få nære, gode vener og relasjonar. Ver djupt sett dønn ærleg