TikTok-storm etter sidemålseksamen om bier og «sexstillingar»

TikTok flaumar over av forvirra vidaregåandeelevar. Dei deler «traumehistorier» om honning frå sidemålseksamen.

Magnus Rotevatn
Publisert

Då eksamen i sidemål for vidaregåande blei halden 15. mai var det fleire som sperra opp auga. Ikkje fordi elevane nok ein gong måtte streva med sidemål, men fordi eit vedlegg skildra korleis pollinering foregår.

Fleire elevar syntest at soga om blomane og biene blei for grafisk, det minna om pornografi. På TikTok og andre sosiale medium gjev elevar uttrykk for misnøye.

Det var Nettavisen som omtala saka fyrst.

Ei kortsvarsoppgåve bad elevane om å analysera ein annonse frå Honningcentralen. For nokre var innhaldet sjokkerande.

Annonsen forklarar korleis honning blir til og at biene er ordentelege rund­brennarar som flyr frå blome til blome for å samla inn nektar og spreia pollen.

Kortsvarsoppgåve sidemålseksamen 2025

Dette var kortsvarsoppgåva på årets sidemålseksamen:

Gjer greie for formålet med teksten, og forklar korleis appellformene er brukte.

Skriv mellom 250 og 300 ord.

 

Vedlegg: 

— «Den sanne historien om blomster og bier. (PS! Inneholder seksualiserte skildringer)» (2024, 7. juni). Annonse for Honningcentralen.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område: 

  • svar på oppgåva
    • viser forståing av den vedlagde teksten
    • har med døme
    • bruker relevant fagspråk
  • struktur og samanheng
  • språkføring og formelle ferdigheiter

På TikTok blir oppgåva kalla «forjævelig». Uskyldige elevar fortel at dei aldri vil få det same synet på honning igjen og spør kvifor biene har 69.

Andre seier at dei aldri vil kjøpa norsk honning igjen.

@elodiesoto♬ original sound – madi👸🏽

Til Nettavisen seier Knud Fahrendorff, dagleg leiar i Honningcentralen, at han trur at elevane eigentleg reagerer på å måtta skriva nynorsk og ikkje teikningane av blomar og bier.

Utdanningsdirektoratet fortel også til same avis at dei har vurdert om innhaldet kan verka støytande eller krenkjande. Dei meiner at ein bodskap om å ta vare på naturen er innafor.